Albumet Mad Max Beyond Thunderdome
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mad Max Beyond Thunderdome: Original Motion Picture Soundtrack er eit filmmusikkalbum til filmen med same namn, med Mel Gibson og Tina Turner. Albumet vart gjeve ut i 1985 på Capitol Records og sidan fleire gonger på ny på forskjellige selskap.
Remove ads
Bakgrunn
I tillegg til 26 minutt med original orkestermusikk komponert av Maurice Jarre og framført av Royal Philharmonic Orchestra, inneheld albumet Tina Turner-hitten «We Don't Need Another Hero (Thunderdome)», som vart spelt over rulleteksten av filmen. Singelen nådde andreplassen i USA og tredjeplassen i Storbritannia. Singelen vart gjeven ut eit år etter comebacket til Turner med Private Dancer og ei rekkje hitsinglar frå dette albumet. «We Don't Need Another Hero» vart skriven og produsert av Terry Britten og Graham Lyle (som òg skreiv «What's Love Got to Do with It») og finst på albumet både som ein lengre vokalversjon og ein lengre instrumental. Den vokale 7"-miksen har sidan kome ut på samlealbuma Simply The Best i 1991 og All the Best i 2004. Den alternative 7" instrumentale miksen er så langt ikkje blitt gjeve ut på CD. Songen vart nominert til ein Golden Globe for beste originale song i 1986 og ein nominasjon til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong.[3][4]
Den andre Tina Turner-songen på albumet, «One of the Living» (U.S. #15), var opningssongen i filmen, produsert av Mike Chapman og skriven av Holly Knight - teamet bak «Better Be Good To Me» - og tilskriven til bandet til Knight, Device både i rulleteksten til filmen og den originale vinylutgåva av albumet. Han vart gjeven ut som ein oppfølgjar til singelen «We Don't Need Another Hero», og vart òg miksa for både 7" og 12" vinylsinglar. Utanom 7"-miksen som finst på den tredoble The Platina Collection i 2009, er verken 7" Dub, 12" Special Remix, 12" Dub og 12" Instrumental, samprodusert og miksa av Steve Thompson og Michael Barbiero, gjeve ut på CD. Turner van Grammyprisen i 1985 for beste kvinnelege rockesong med «One of the Living» i 1985.[5]
Remove ads
Innhald
† Framført av Royal Philharmonic Orchestra
Medverkande
|
|
Luksusutgåva
Mad Max Beyond Thunderdome: The Complete Motion Picture Score Filmmusikkalbum av Maurice Jarre og the Royal Philharmonic Orchestra | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25 Mai 2010 | |
Innspelt | 1985 | |
Sjanger | Filmmusikk | |
Lengd | 2:02:02 | |
Selskap | Tadlow Music | |
Produsent | Maurice Jarre, James Fitzpatrick |
I 2010 kom ei luksusutgåve av albumet med all musikk Maurice Jarre laga for filmen.[6]
Plate 1:
Plate 2:
Remove ads
Lister og salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads