All I Really Want to Do
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«All I Really Want to Do» er ein song skriven av Bob Dylan frå albumet Another Side of Bob Dylan frå 1964. Det er utan tvil ein av dei mest populære songane Dylan skreiv i perioden like etter at han slutta med høvessongar.[1] Innan eit år etter Another Side of Bob Dylan kom ut hadde songen vorte ein av dei mest kjende Dylan-songane for pop- og rockpublikummet på grunn av hitversjonar av Cher og The Byrds.[1]
Musikalsk er songen enkel, men leikande og teksten er i praksis ei liste over ting, fysiske og psykologiske, som Dylan ikkje vil gjere eller vere for lyttaren.[1]. I refrenget syng han at alt han vil er å vere vener.
Remove ads
The Byrds-utgåva
«All I Really Want to Do» var den andre singelen til det amerikanske folkrock bandet The Byrds og kom ut 14. juni 1965 på Columbia Records.[2] Songen var òg på debutalbumet deira, Mr. Tambourine Man.[2] Singelen nådde 40. plass på Billboard-lista i USA[3] og 4. plass i Storbritannia.[4]
Byrds-utgåva av songen har ein heilt annan struktur enn Dylan med ein elektrisk gitarintro av Roger McGuinn og ein heilt annan melodiprogresjon i refrenget.[1] I tillegg hadde bandet endra melodien på eine verset for å gjere det om til eit mellomspel.[1]
Remove ads
Cher-utgåva
«All I Really Want to Do» var debutsingelen til Cher. Han kom ut i 1965 og nådde 15. plass på Billboard-lista[5] og 9. plass i Storbritannia.[4]
Andre utgåver
- Hugues Aufray: Hugues Aufray Chante Dylan (1965)
- Duane Eddy: Duane Does Dylan (1965)
- The McCoys: Hang on Sloopy (1965)
- Billy Strange: Folk Rock Hits (1965)
- The Surfaris: It Ain't Me Babe (1965)
- Baroque Inevitable: Baroque Inevitable (1966)
- Sebastian Cabot: Sebastian Cabot, Actor - Bob Dylan, Poet (1967); Golden Throats, Volume 2: More Celebity (1991)
- The Hollies: Hollies Sing Dylan (1969)
- Bold: Bold (1970)
- World Party: Private Revolution (1986)
- The Four Seasons: Four Seasons Sing Big Hits (1988)
- Flower Power: Flower Power (1990)
- The Hooters: The Hooters Live (1994)
- Julian Coryell: Duality (1997)
- Gerald Quintana og Jordi Batiste: Els Miralls de Dylan (1999)
- Barb Jungr: Every Grain of Sand (2002); Waterloo Sunset (2003); Love Me Tender (2005); Walking in the Sun (2006); Just Like A Woman - A Hymn to Nina (2008)
- Bryan Ferry: Dylanesque (2007)
- Tim Fagan: Moving Fast (2008)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads