Laukslekta
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Laukslekta (Allium) er ei slekt i påskeliljefamilien (Amaryllidaceae) med over 600 arter i Europa, Midt-Austen, Sentral-Asia, Aust-Asia og Nord-Amerika. Artene er fleirårige urter, som dannar knollar. Alle har laukaktig lukt og smak. I APG III-systemet er slekta ein del av underfamilien Alliaceae og utgjer ein eigen tribus i denne.
Ei rekkje andre planter frå denne slekta blir brukte i matlaging, til dømes lauken til vanleg lauk og kvitlauk og stilken frå purrelauk og graslauk.
Laukane kan vere einslege eller samla i klyngje, og dei deler seg kvart år anten ved rothalsen eller langs jordstengelen. Det ytre skalet er brunt eller grått, glatt og seigt, medan dei indre skala er hinneaktige. Blada visnar jamnast ned ved frømogninga, men elles dannar dei ein varig, grunnstilt bunt på 1-12 stk. Blada er vanlegvis lineforma, fura eller flate og rette eller seglforma. Blomstrane sit i skjermar som blomstrar innanfrå og utover. Ofte er dei supplerte med eller har berre yngleknoppar. Blomstrane er opprette, overhengjande eller hengjande med 6 blomsterblad i to krinsar. Frukta er kapselliknande med fleire svarte frø.
Remove ads
Nokre artar
Ei rekkje artar er registrerte i naturen i Noreg:[1][2]
- Vill-lauk (A. oleraceum), livskraftig (LC)
- Strandlauk (A. vineale), livskraftig (LC)
- Roselauk (A. carinatum), framandart, låg risiko (LO) i Framandartslista 2023[3]
- Bendellauk (A. scorodoprasum), nær truga (NT) i Raudlista 2021[4]
- Pipelauk (A. fistulosum), sterkt truga (EN)[4]
- Kepalauk, lauk, vanleg lauk (A. cepa), framandart, tradisjonell produksjonsart, ikkje risikovurdert
- Sjalottlauk (A. cepa var. aggregatum), varietet
- Graslauk (A. schoenoprasum), livskraftig (LC), med underartane
- Nominatunderarten matgraslauk (A. schoenoprasum ssp. schoenoprasum), framandart, svært høg risiko (SE)[3]
- Sibirgraslauk (A. schoenoprasum ssp. boreale), livskraftig (LC)
- Kantlauk (A. lusitanicum), sterkt truga (EN)[4]
- Ramslauk (A. ursinum), nær truga (NT)[4]
- Sigerslauk (A. victorialis), framandart, potensielt høg risiko (PH)[3]
- Kirgislauk (A. hollandicum), framandart, låg risiko (LO)[3]
- Villpurre (A. ampeloprasum), framandart, tradisjonell produksjonsart, ikkje risikovurdert
- Elefantkvitlauk (A. ampeloprasum var. ampeloprasum), varietet
- Kurratlauk (A. ampeloprasum var. kurrat), varietet
- Purre (A. ampeloprasum var. porrum), varietet
- Prydlauk (A. angulosum), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO)[3]
- Blålauk (A. caeruleum), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO)[3]
- Dogglauk (A. flavum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
- Gullauk (A. moly), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
- Snøklokkelauk (A. paradoxum), framandart, låg risiko (LO), dørstokkart[3]
- Luftlauk (A. ×proliferum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
- Kulelauk (A. rotundum), framandart, einskildfunn, ingen kjend risiko (NK)[3]
- Kvitlauk (A. sativum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
- Honninglauk (A. siculum), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO)[3]
- Trekantlauk (A. triquetrum), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
Andre artar med norske namn der det finst og engelske der dette manglar.
- A. acuminatum – tapertip onion, Hooker's onion
- A. anceps – twinleaf onion
- A. campanulatum – dusky onion
- A. canadense – Canadian garlic
- A. cernuum – prærielauk
- A. chinense – Chinese onion, Chinese scallion, Japanese scallion, Oriental onion
- A. giganteum – kjempelauk
- A. karataviense – grålauk
- A. neapolitanum – white garlic
- A. nigrum – black garlic
- A. tricoccum – wild leek, ramp, ramps, ramson
- A. tuberosum – kinagraslauk
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads