Sigerslauk

planteart From Wikipedia, the free encyclopedia

Sigerslauk
Remove ads

Sigerslauk (Allium victorialis) er ein art i laukslekta i påskeliljefamilien.[1] Han veks frå fjella sørvest i Europa gjennom Alpane og Karpatane, til Kaukasus, Ural, Altajfjella, Japan og Aleutane. Han heiter òg alpinlauk, av di han oftast veks over skoggrensa.

Thumb
Blomen
Thumb
Sigerlaukfrø.
Kjappe fakta

I Noreg er sigerslauken ei innført prydplante som sidan har etablert seg i skog og ved elveøyrer. På 1920-talet vart han funnen i hagar og ved kyrkjer i Lofoten, særleg på Vestvågøy, der han har hatt namnet amerikalauk.[2] Sigerslauken er elles funnen i Asker, Indre Hardanger og Fauske.[3] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[4] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[5]

Sigerslauken har vore mykje nytta i europeisk folkemedisin og var ofte tilskriven magisk kraft.[6]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads