Aminata Savadogo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aminata Savadogo (fødd 9. januar 1993), som artist kjend under fornamnet Aminata, er ein latvisk vokalist, låtskrivar, musikkprodusent og modell. Ho representerte Latvia i Eurovision Song Contest 2015 med songen «Love Injected», og same år slapp ho debutalbumet sitt Inner Voice.
Remove ads
Bakgrunn
1993–2014: Tidleg liv og karriere
Savadogo blei fødd i Riga i 1993. Mora er av latvisk og russisk opphav, mens faren er burkinabé. Savadogo ser på seg sjølv som latviar.[1][2] Ho byrja å syngje offentleg som 13-åring og blei instruert av songpedagogen Nadežda Buharova. Savadogo blei uteksaminert frå musikk- og kunstskulen i Bolderāja i Riga, og på ungdomsskulen spesialiserte ho seg i fløytespel.[3] Som 15-åring deltok ho i det latviske tv-programmet Krodziņā pie Paula og sidan i Muzikālā banka då ho var 17 år. Ho deltok seinare i Koru kari 3, den latviske versjonen av Det store korslaget.[4]
Savadogo fekk internasjonal merksemd då ho deltok i Dziesma 2014, den latviske finalen til Eurovision Song Contest 2014 med songen «I Can Breathe». Ho kvalifiserte seg frå semifinalen og blei sidan nummer fem i den latviske finalen.[5] Savadogo vann deretter den tv-sende talenttevlinga Jaunā talantu fabrika.[4]
2015–2016: Eurovision Song Contest 2015 og Inner Voice

I 2015 deltok Savadogo på nytt i den latviske uttakinga til Eurovision Song Contest med songen «Love Injected».[6][7] Ho vann den latviske finalen og fekk dimed representere Latvia i Eurovision Song Contest 2015.[8] Mellom den latviske finalen og Eurovison Song Contest slapp Savadogo debutalbumet Inner Voice 8. april 2015.[9]
I Eurovision Song Contest var Savadogo den tiande artisten på scena under den andre semifinalen. Ho kvalifiserte seg til finalen etter å ha blitt nummer to i semifinalen med 155 poeng. Dette var den fyrste finalekvalifiseringa til Latvia på sju år. I finalen var ho nummer 19 ut på scena og enda til slutt på sjetteplass av 27 deltakarar. «Love Injected» fekk 186 poeng, inkludert tre tolvpoengarar. Sjetteplassen var den beste plasseringa til Latvia i tevlinga sidan 2005, og den fjerde beste plasseringa til Latvia til då.[10][11] Året etter skreiv ho songen «Heartbeat», framført av Justs. Låten representerte Latvia i Eurovision Song Contest 2016, han enda på 15. plass i finalen.
2016–: Red Moon og Golos
Under den latviske finalen 28. februar 2016, framførte Savadogo sin nye song «Fighter».[12] Ein musikkvideo til singelen blei sloppen 13. april.[13]
I oktober same året slapp Savadogo det andre studioalbumet sitt, kalla Red Moon.[14] Ho deltok også i den femte sesongen av Golos, den russiske versjonen av The Voice, men blei slått ut før utslagsrunden.[15][16] Under blindauditionen sin blei ho med på laget til Polina Gagarina lag, ein artist som også deltok i Eurovision Song Contest 2015.[17]
Savadogo skreiv sidan songen «I'm Like a Wolf» for den litauiske songaren Aistė Pilvelytė, som deltok i den litauiske finalen for å [[Litauen i Eurovision Song Contest|representere Litauen i Eurovision Song Contest 2017.[18] Ho tapte for gruppa Fusedmarc og enda som nummer to i den litauiske finalen. I 2020 skreiv ho songen «Still Breathing», framført av Samanta Tīna. Songen skulle representert Latvia i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga blei avlyst på grunn av koronaviruspandemien. Ho var i staden blant låtskrivarane på låten «The Moon Is Rising», som Samanta Tīna deltok med i Eurovision Song Contest 2021.[19] Songen kvalifiserte seg ikkje til finalen.
Remove ads
Diskografi
Album
- 2015: Inner Voice
- 2016: Red Moon
EP-ar
- 2019: Maiga vara
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads