Anders Jacobsen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anders Jacobsen
Remove ads

Anders Jacobsen (fødd 17. februar 1985) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Hønefoss som representerer Ringkollen SK. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 2006/07. I fire ulike verdsmeisterskap vann han til saman sju medaljar. Jacobsen vart norsk meister i normalbakken 2007 og 2012 og i storbakkken i 2008, 2010, 2011 og 2015.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Jacobsen debuterte i verdscupen 24. november 2006 i Kuusamo, Finland, der han overraskande vart nummer tre. Framgangen heldt fram, i desember vann han eit renn i Engelberg. Vel ein månad etter gjennombrotet vart 21-åringen vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka 2006/07, etter å ha gått til topps i to av renna. Seinare i januar vann han eit renn i Willingen. Sesongen under eitt vart han nummer to i verdscupen, bak Adam Malysz.

I gjennombrotssesongen 2007 vann han altså i fire renn i verdscupen, seinare sigra han i eitt renn i 2008 og eitt i 2010. Elles i verdscuprenn erobra han elleve andreplassar og seks tredjeplassar. Si einaste individuelle VM-medalje, ein bronse, vann han i storbakken i Liberec i 2009. I lagtevlingar vann han tre sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar i til saman fire ulike verdsmeisterskap.

Jacobsen melde i juni 2011 atha la hoppskia på hylla, då han hadde gått lei all treninga. Lysta til skihopping kom tilbake vinteren 2012. Fyrst vart han nummer seks i storbakke-NM i Trondheim, før han i slutten av mars tok eit soleklart NM-gull på Voss. I sin siste sesong sikra Jacobsen seg sitt sjette NM-gull då storbakkerennet under Ski-NM 2015 vart avvikla i Holmenkollen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap

Besteplasseringar i internasjonale renn/verdscupen

  • 2006/07: Fire sigrar (Engelberg, Innsbruck, Bischofshofen, Willingen), fem andreplassar og to tredjeplassar
  • 2008: Siger i Liberec, ein andreplass og tre tredjeplassar
  • 2009: Tre andreplassar og ein tredjeplass
  • 2010: Vinnar av skiflygingsrenn i Oberstdorf, ein andreplass og ein tredjeplass
  • 2011: Nr 4 i Garmisch-Partenkirchen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Remove ads

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads