Chanel Terrero
kubansk-spansk songar, skodespelar og dansar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chanel Terrero (fødd 28. juli 1991 i Havanna på Cuba), kjend under artistnamnet Chanel, er ein cubansk-spansk songar, skodespelar og dansar. Ho vann den spanske songtevlinga Benidorm Fest 2022 og representerte Spania i Eurovision Song Contest 2022 med songen «SloMo».
Remove ads
Bakgrunn
Terrero vart fødd i den cubanske hovudstaden Havanna i 1991, men som treåring flytta ho og familien til Olesa de Montserrat i Catalonia i Spania.[1] Allereie som barn tok ho kurs og undervisning innan ballett, song og skodespel.
Terrero flytta seinare til Madrid for å satse på ein skodespelarkarriere. Utover i 2010-åra vart ho kjend da ho spelte i musikalar som Mamma Mia!, Flashdance, Bodyguard og Løvenes konge. Ho gjorde seg også merka i ei rekkje mindre rollar på film og fjernsyn i Spania, blant anna deltok ho som dansar i realityprogrammet Tu cara me suena.[2] I 2010 dansa ho også med Shakira då ho opptredde under MTV Europe Music Awards.[3]
I desember 2021 kunngjorde den spanske ålmennkringkastaren RTVE at Chanel var blant dei 14 deltakarane i songtevlinga Benidorm Fest 2022. Tevlinga vart arrangert i Benidorm i slutten av januar 2022, og vinnaren fekk representere Spania i Eurovision Song Contest. Chanel vann den fyrste semifinalen 26. januar, og deretter vann ho finalen 29. januar med låten «SloMo».[4][5] Ho fekk dimed representere Spania i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[6] I Eurovision Song Contest enda Chanel på tredjeplass, noko som var den beste plasseringa til Spania på 27 år. Ved heimkomsten i Madrid dagen etter finalen vart ho teken imot av fleire tusen fans på Plaza Mayor, og ho vart gratulert av den spanske kongefamilien.[7][8]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads