SloMo

song frå 2022 med Chanel From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«SloMo» (forkorting av det engelske uttrykket slow motion, 'sakte film') er ein spansk latinopoplåt, og han er debutsingelen til den spansk-cubanske artisten Chanel. Songen er skriven av Leroy Sanchez, Keith Harris, Ibere Fortes, Maggie Szabo og Arjen Thonen. Songen var det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino, der han enda på tredjeplass – den beste plasseringa til Spania på 27 år.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

Den spanske kringkastaren TVE kunngjorde 10. desember 2021 at Chanel og «SloMo» var blant deltakarane i songtevlinga Benidorm Fest. Tevlinga er den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest.[1]

«SloMo» vart gjeven ut digitalt 24. desember same år og deltok deretter i den fyrste semifinalen av Benidorm Fest 26. januar 2022. I semifinalen fekk Chanel høgaste poengsum frå juryen og telefonavrøystinga.[2] Under finalen laurdag 29. januar vann «SloMo» Benidorm Fest og vart dimed det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.[3]

Som eit av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Spania direktekvalifisert til finalen laurdag 14. mai 2022.[4] I finalen vart «SloMo» nummer tre i både jury- og telefonavrøystinga og enda samanlagd på ein tredjeplass. Dette var den beste plasseringa til Spania i Eurovision Song Contest sidan 1995, då Anabel Conde kom på andreplass bak norske Secret Garden og «Nocturne».

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2022), Høgaste plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads