At Last
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«At Last» er ein song skriven av Mack Gordon og Harry Warren for musikalfilmen Sun Valley Serenade (1941). Glenn Miller and his orchestra spelte inn melodien fleire gonger og ein versjon frå 1942 nådde andreplassen på den amerikanske Billboard pop-lista.
I 1960 spelte rhythm and blues-songaren Etta James inn eit arrangement av Riley Hampton som improviserte over melodien til Warren. Versjonen hennar var tittelsporet på debutalbumet At Last! (1960) og vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1999.[1] Celine Dion og Beyoncé har òg hatt suksess med songen.
Remove ads
Glenn Miller-utgåver
Før Sun Valley Serenade kom ut, vart «At Last» framført i filmen av Glenn Miller and his orchestra, med vokal av John Payne og Lynn Bari, dubba av Pat Friday. Studiosjefen Darryl Zanuck skal visstnok ha sagt: «Det er for mange store i denne. La oss spare denne for den neste filmen.» Vokalen på «At Last» av Payne og Bari vart derfor sletta, sjølv om instrumentale versjonar var me di filmen, som i avslutningsscenen. Vokalversjonen vart med i filmen Orchestra Wives (1942), der Glenn Miller og orkesteret hans igjen spelte.
Ikkje utgjevne innspelingar av songen var blitt gjort av Glenn Miller i 1941. Ein ny versjon vart spelt inn av Glenn Miller and His Orchestra i Hollywood den 20. mai 1942, og kom ut på RCA Victor Records som ein 78-singel,[2] med A-sida «(I've Got a Gal In) Kalamazoo». Songen gjekk inn på den amerikanske Billboard pop-lista (kalla ««Songs with the Most Radio Plugs» på den tida) den 1. august 1942 på ein 17. plass,[3] og nådde andreplassen den 29. august 1942.[4] Han låg i alt 17 veker inne på lista,[5] og vart seinare ein standard.
Medverkande på studioinnspelinga frå 1942 var: Ray Eberle (vokal),[6] Billy May, John Best, Steve Lipkins, R.D. McMickle (trompet), Glenn Miller, Jim Priddy, Paul Tanner, Frank D'Annolfo (trombone), Lloyd «Skip» Martin, Wilbur Schwartz (klarinett, altsaksofon), Tex Beneke, Al Klink (tenorsaksofon), Ernie Caceres (barytonsaksofon), Chummy MacGregor (piano), Bobby Hackett (gitar), Edward «Doc» Goldberg (kontrabass) og Maurice Purtill (trommer).[7] The arrangement was by Jerry Gray og Bill Finegan.
Då RCA Victor gav ut to 10"-vinyl album med musikken frå Sun Valley Serenade[8] og Orchestra Wives[9] i 1954, vart eit anna opptak av «At Last» frå «Sun Valley Serenade» med p åalbumet, men versjonen i Orchestra Wives var ikkje med. Denne siste utgåva kom sidan ut på LP i 1958, på dobbelplata til 20th-Fox (TCF-100-2) kalla Compilation of His Original Film Soundtracks av Glenn Miller.
Remove ads
Utgjeving under krigen
Studioinnspelinga frå 1942 på RCA Victor av «At Last» av Glenn Miller and his Orchestra med Ray Eberle på vokal kom ut som ein V-Disc eller Victory Disc for den amerikanske hæren under andre verdskrigen i oktober 1943. V-plater vart sende til amerikanske soldatar og militære utanlands.
Andre versjonar
«At Last» er blitt spelt inn av mange andre artistar. Den tidlegare trompetisten for Glenn Miller Orchestra, Ray Anthony, fekk den største hitten med songen i USA då han nådde andreplassen på poplista i 1952 og 20. plassen på Cashbox-lista.[10]
Ei innspeling av Gene Watson nådde 61. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista i 1991.[11]
I 2012 vart Christina Aguilera invitert av familien til Etta James for å syngje «At Last» i gravferda til James.[12] I gravferda fortalte Aguilera at James var idolet og inspirasjonen hennar, og for å ære James speler ho «At Last» på alle konsertane sine.[13][14]
Etta James-versjonen
Songen vart signaturlåten til Etta James og var den tredje av ei rekkje suksessrike songar ho gav ut på debutalbumet sitt på Argo Records, At Last!. I april 1961 vart songen den andre andreplassen hennar på R&B-lista og han kryssa over til popradio og nådde 47. plassen på Billboard Hot 100. Trass i den smålåtne plasseringa på poplista er songen blitt godt kjend. James-versjonen nådde 30. plassen på Cashbox-lista.[15]
James-versjonen har lidenskapleg vokal og svøypande orkester og er ofte nytta i bryllaupsfeiringar.[16]
Etterein av dei andre singlane til James, «Something's Got a Hold on Me», vart sampla på to hitsinglar i 2011 (Avicii sin «Levels» og Flo Rida sin «Good Feeling»),[17] gjekk «At Last» inn på singellista i Storbritannia for første gongen og nådde 69. plassen. Då James døydde i 2012 klatra songen inn på topp 40.[18]
Salslister
Salstrofé
Remove ads
Celine Dion-versjonen
«At Last» vart spelt av Celine Dion og gjeven ut på det sjette engelskspråklege albumet hennar, A New Day Has Come (2002). Versjonen hennar vart produsert av Humberto Gatica og Guy Roche, og gjeven ut på singel i USA 9. desember 2002. Det vart ikkje laga musikkvideo for songen. Det var òg den siste singelen frå albumet.
«At Last» nådde 16. plassen på Adult Contemporary-lista. Eit konsertopptak av songen kom ut på A New Day... Live in Las Vegas i 2004, sidan Dion framførte songen dei fire åra A New Day...-showet hennar gjekk i Las Vegas. Ho har framført songen på fleire fjernsynsprogram.
Salslister
Remove ads
Beyoncé-versjonen
«At Last» vart spelt inn av Beyoncé og gjeven ut på filmmusikkalbumet for filmen Cadillac Records (2008). I filmen speler Beyoncé Etta James, ei rolle ho fekk god kritikk for. Ho spelte «At Last» fleire gonger sidan filmen kom ut, mellom anna føre James.[28]
Salslister
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads