Babe av Styx
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Babe» er ein song av det amerikanske rockebandet Styx. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet Cornerstone i 1979. Det var den første og einaste Styx-singelen som gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista, der han låg i to veker i desember 1979. «Babe» nådde òg niandeplassen på Adult Contemporary-lista.[2] Det låg òg seks veker på toppen av den kanadiske singellista i desember 1979 og inn i januar 1980. Det var òg den einaste songen deira som nådde høgt på den britiske singellista, der han nådde sjetteplassen. Songen gjekk òg til topps i Sør-Afrika.[3]
Remove ads
Bakgrunn og innhald
Songen var skriven av Dennis DeYoung som ei gebursdagsgåve til kona Suzanne. Den ferdige songen vart spelt inn som ein demo med berre DeYoung og Styx-medlemmane John Panozzo og Chuck Panozzo.
Songen var opphavleg ikkje meint å vere ein Styx-song, men James «J.Y.» Young og Tommy Shaw overtydde DeYoung om å gje ut songen på Cornerstone. Dei brukte demoinnspelinga til DeYoung og Shaw til ein gitarsolo over den midtre delen av songen. Songen vart så ein stor hit. I 1999 vart «Babenytta i filmen Big Daddy med Adam Sandler, som spelar ein mann som er stor fan av Styx.
Remove ads
Medverkande
- Dennis DeYoung - vokal, klaverinstrument, Fender Rhodes elektrisk piano
- Tommy Shaw - gitarsolo
- Chuck Panozzo - bassgitar
- John Panozzo - trommer
Salslister
Salstrofé
Caught in the Act-versjonen
I 1997 gav det nederlandske gutebandet Caught in the Act ut ein versjon av «Babe» på albumet sitt Vibe. Denne fekk moderat suksess.
Salslister
Remove ads
Andre versjonar
Alexander O'Neal spelte inn songen i 2008 på albumet hans, Alex Loves. Den filippinske songaren April Boy Regino spelte inn songen i 2000 på albumet hans Super Idol. Ein annan filippinsk songar som har spelt inn songen er Piolo Pascual for filmen Babe, I Love You frå Filippinane.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads