Blue av Joni Mitchell

album av Joni Mitchell From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Blue er det fjerde studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut 22. juni 1971 på Reprise Records. Det var skrive og produsert av Mitchell aleine og spelt inn i 1971 i A&M Studios i Hollywood i California. Ho utforskar her forskjellige sider av kjærleiksforhold frå ulukkeleg kjærleik på «A Case of You» til utryggleik på «This Flight Tonight». Songane har eit enkelt akkompagnement for piano, gitar og Appalachian dulcimer. Albumet fekk rosande omtale og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart, niandeplassen på den kanadiske RPM-lista og 15. plassen på Blllboard 200.

Meir informasjon Joni Mitchell-kronologi ...

I dag vert Blue generelt rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene av musikkskribentane. Måten songane var skrivne og komponerte på av Mitchell, i lag med synginga hennar, fungerer alle godt saman. I 2020 vart Blue rangert som det tredje beste albumet gjennom tidene i Rolling Stone på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Dette var den høgaste plasseringa til ein kvinneleg artist.[1] Det vart òg røysta fram til 24. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000). I juli 2017 vart Blue valt ut av NPR som det beste albumet gjennom tidene laga av ei kvinne.[2]

Remove ads

Historie

Trass i suksessen ho hadde med dei tre første albuma og songar som «Woodstock», valde Mitchell i 1970 å slutte å halde konsertar. Tidleg på våren 1970 drog ho på ferie i Europa[3] og medan ho var på Kreta skreiv ho somme av songane som kom ut på Blue.[4]

Denne reisa var opphavet til songane «Carey» og «California» - «Carey» var inspirert av forholdet hennar til amerikanaren Cary Raditz, som i songen er omtalt som «redneck on a Grecian Isle» på «California».[5] Somme av songane på Blue var inspirert av forholdet mellom Mitchell og Graham Nash frå 1968 til 1970.[5] Forholdet deira var alt i vanskar då ho drog til Europa, og det var medan ho var på Formentera at ho sende Nash eit telegram om at forholdet deira var over.[5] Ein trur at songane «My Old Man»[5] og «River»[6] var inspirert av forholdet deira.

Ei anna viktig hending i livet til Mitchell som prega albumet, var forholdet hennar til James Taylor. Ho hadde byrja eit intenst forhold til Taylor sommaren 1970 og vitja han på settet til filmen Two-Lane Blacktop. Auraen mellom dei er omtalt i «This Flight Tonight».[7] Songane «Blue» og «All I Want» har spesifikke referansar til forholdet hennar med Taylor, som ein genser ho strikkar til han ein gong og heroinmisbruket hans. Under innspelinga av Blue i januar 1971 var dei framleis forelska og saman.[8] Trass i vanskane hans kjende Mitchell tilsynelatande at ho hadde funne ein person ho kunne knytte seg til i Taylor. Innan mars hadde han slått gjennom som artist, noko som skapte vanskar for dei og ho var visstnok i hjartesorg då han avslutta forholdet deira.[9]

Albumet vart nesten gjeve ut i ei noko anna form. I mars 1971 var dei ferdige lydbanda for albumet klare for produksjon. Opphavleg var det tre gamle songar med på albumet som ikkje hadde vore med på dei førre albuma. I siste liten valde Mitchell å fjerne desse tre songane, og heller spele inn nye songar, «All I Want» og «The Last Time I Saw Richard».

«Little Green», som var skriven i 1967, var den einaste eldre songen som var att. Dei to songane som vart fjerna var:

  • «Urge for Going» – den første songen hennar som fekk kommersiell suksess, då han vart spelt inn av countrysongaren George Hamilton IV. Han vart seinare gjeven ut som B-sida til «You Turn Me On, I'm a Radio» og igjen i 1996 på samlealbumet Hits.
  • «Hunter (The Good Samaritan)», som aldri er gjeven ut på noko album av Mitchell. Eit konsertopptak av songen finst på Amchitka,[10] i lag med tre andre songar som seinare kom ut på Blue, «A Case of You», «My Old Man» og «Carey», som glir inn i Bob Dylan sin «Mr. Tambourine Man» i ein duett med den dåverande kjærasten , James Taylor.

  I 1979 fortalte Mitchell, «Det er nesten ikkje ein uærleg tone i vokalen på Blue. På denne tida i livet mitt hadde eg ikkje noko personleg forsvar. Eg følte meg som plasten rundt ein sigarettpakke. Eg følte at eg ikkje hadde nokre løyndomar i det heile å skjule for verda og eg kunne ikkje late som om eg var sterk. Eller lykkeleg. Men fordelen med det var at eg ikkje heldt noko tilbake i musikken heller.»[11]

Mitchell nytta alternative stemmingar på gitaren sin for å lettare nå augmenterte akkordar og notar i uventa kombinasjonar.[12] På grunn av den nakne og ærlege framtoninga på albumet, skal Kris Kristofferson ha sagt då han først høyrte albumet: «Joni! Hald noko for deg sjølv!»[13]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I dag vert Blue generelt rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene av musikkskribentar. Særskild er det låtskrivinga og komposisjonane som trekt fram. I januar 2000 valde The New York Times ut Blue som eit av dei 25 albuma som representerte «vendepunkt og milepålar i populærmusikken på 1900-talet».[22]

Jason Ankeny i AllMusic skildra Blue som «kvintessensen av vedkjennande singer/songwriter-album». Songane vart hylla for den «rå nerven, soger om kjærleik og tap etsa med fantastisk kompleksitet». Ankeny konkluderte med at det «var utan sidestykke i intensiteten sin». Skribentar i Pitchfork gav albumet 10 av 10, og sa at det ikkje var laga «andre album om kjærleiksbrot det vrir seg meir i magen av».[18]

Lovord

  • I 1999 vart Blue innlemma i Grammy Hall of Fame, fordi det vart rekna som kvalitativt eller historisk viktig»
  • I 2000 gjekk Blue til topps på lista til Chart over dei 50 beste kanadiske albuma gjennom tidene (det var òg på tredjeplassen i 1996 og 2005)
  • I 2001 vart Blue rangert på 14. plassen på lista til VH1 over dei 100 beste albuma gjennom tidene, den høgaste plasseringa til ei kvinne.[23]
  • I 2002, kåra Q Magazine Blue til det åttande beste albumet gjennom tidene av ein kvinneleg artist.[24]
  • I 2004, rangerte Pitchfork Media albumet på 86. plass på lista over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.
  • I 2006 var Blue med på lista til Time Magazine over dei 100 viktigaste albuma gjennom tidene.[25] Same året var albumet inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[26]
  • I 2007, vart Blue rangert på andreplass i boka til Bob Mersereau The Top 100 Canadian Albums, bak Neil Young sitt Harvest
  • Blue vart stemnd fram til 13. plass i Hotpress Magazine' si liste over dei 100 beste albuma gjennom tidene, stemnd fram av andre artistar.
  • Blue vart kåra til det 66. beste av Channel 4 si liste over dei 100 beste albuma gjennom tidene.
  • In 2012 rangerte Rolling Stone albumet på andreplassen på lista «Women Who Rock: The 50 Greatest Female Albums Of All Time».[27]
  • I 2015 vart albumet kåra til vinnaren i kategorien for 1960- og 1970-åra i den første Slaight Family Polaris Heritage Prize, ei årleg kanadisk musikkåring for klassiske album, før Polaris Music Prize oppstod.[28]
  • I 2017 rangerte National Public Radio albumet på toppen av lista si over dei 150 beste albuma laga av ei kvinne.[2]
  • I 2020 vart Blue rangert på tredjeplassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[29] den høgaste plasseringa til ei kvinne.
Remove ads

Salssuksess

Albumet selde godt. I Canada nådde det niandeplassen på den kanadiske RPM-lista. I Storbritannia klatra albumet til tredjeplassen på UK Albums Chart og selde til dobbel platina der for eit sal på over 600 000. I USA nådde albumet 15. plassen på Billboard 200-lista. Albumet selde seinare til platina for sal på over ein million eksemplar. Singelen «Carey» nådde 93. plassen på Billboard Hot 100-lista. I Noreg nådde albumet 24. plassen på VG-lista.

Innhald

Alle songar skrivne av Joni Mitchell.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Teknisk

Salslister

Meir informasjon Liste (1971), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads