Ladies of the Canyon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ladies of the Canyon er det tredje studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut på Reprise Records i 1970. Det nådde 27. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista og selde til platinaplate i USA.[10][11] Tittelen er ein referanse til Laurel Canyon, eit musikksenter i Los Angeles i 1960-åra. Albumet inneheld fleire av dei mest kjende songane til Mitchell, som «Big Yellow Taxi», «Woodstock» og «The Circle Game».

Meir informasjon Joni Mitchell-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

Mitchell utvida det kunstnariske synet sitt og songane har meir varierte tema (frå estetisk syn på kjendislivet, til ein observasjon av Woodstock-generasjonen til det kompliserte kjærleikslivet). Ladies of the Canyon vert ofte rekna som ein overgang mellom den tidlege visemusikkperioden til Mitchell og dei meir sofistikerte, gripande albuma som kom seinare. Særleg syner songen «For Free» fram mot det stadig tilbakevendande temaet om isolasjonen som suksessen fører med seg, som ein finn på albuma For the Roses og Court and Spark. Det sparsame arrangementet med alternative stemmingar kjem godt fram på «Ladies of the Canyon».[12]

Av alle verka til Mitchell er dette albumet som ligg nærast til den langvarige venskapen og forholdet til Crosby, Stills, Nash & Young (som gjorde ein rocka versjon av «Woodstock» i 1970). Fleire av songane på albumet, mellom anna «Ladies of the Canyon» og «Woodstock», har fyldige, ordlause harmoniar som minnar om stilen til David Crosby. Crosby sjølv har spelt «For Free» i mange år. «Willy» er ein jenteaktig, forelska hymne til Graham Nash. «The Circle Game», ein av dei mest kjende songane hennar, inneheld korvokal frå alle fire. «Big Yellow Taxi» har òg vorte ein standard i løpet av åra, sampla av Janet Jackson. I 1995 spelte Annie Lennox songen «Ladies of the Canyon» og gav han ut som B-sida til singelen «No More I Love You's».

The Young and the Restless-stjerna Jess Walton sa at ho eigde eit av husa som er avbilda på plateomslaget.[13]

Remove ads

Mottaking

I ei melding for The Village Voice i 1970, meinte Robert Christgau at Ladies of the Canyon var «langt betre enn det førre albumet med rikare tekstar og meir overtydande musikalsk.» Han sa at den andre halvdelen av albumet er «nesten perfekt, og arrangementet er intelligent heile vegen», men meinte at røysta til Mitchell var svak og ordspela hennar ukonsekvente.[14] Fleire år seinare i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981), sa han at trass i stundom «latterlege high school-ordspel», indikerte avhengigheita Mitchell hadde til pianoet sitt «ei forflytting frå friluft til teiknebrettet ... det syner seg att i rikare, meir sofistikerte songar.»[4]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Joni Mitchell

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Teknisk

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads