This Flight Tonight
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«This Flight Tonight» er ein song av Joni Mitchell frå albumet Blue i 1971. Det skotske hardrockbandet Nazareth gav ut songen på singel i 1973 og fekk ein hit.
Originalinnspelinga
Joni Mitchell skreiv og gav ut songen i 1971 på albumet sitt Blue. Songen fortel om at Mitchell angrar på at ho drog frå kjærasten sin på eit fly og ynskjer å kome attende. Songen kom òg ut som B-sida til singelen hennar «Carey».[1]
Nazareth-versjonen
Det skotske hardrockbandet Nazareth omarbeidde songen i 1973 og gjorde han meir mektig. Songen vart ein hit i Canada og Tyskland (der han gjekk til topps) og i Storbritannia.[3][4] Innspelinga vart produsert av Roger Glover.[5] Singelen nådde 11. plassen på den britiske singellista i november 1973. Bandet spelte inn songen på ny i 1991 for albumet No Jive.
Nancy Wilson sa at gitarriffet på Nazareth-versjonen av «This Flight Tonight» inspirerte til riffet på Heart-songen «Barracuda».[6]
Salslister
Årslister
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads