Blues Breakers with Eric Clapton

album av John Mayall & The Bluesbreakers From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Blues Breakers with Eric Clapton (òg kjend som The Beano Album) er eit blues/bluesrockalbum av John Mayall & the Bluesbreakers frå 1966 med Eric Clapton i bandet. Det var det andre albumet gjeve ut av John Mayall etter konsertalbumet John Mayall Plays John Mayall. Clapton slutta i bandet for å skipe Cream etter denne innspelinga, men spelte med Mayall att i 1971 på dobbelplata Back to the Roots.

Meir informasjon John Mayall-kronologi ...

Albumet vert òg kalla The Beano Album fordi Clapton på plateomslaget les The Beano,[4] ein britisk barneteikneserie. Clapton sa i sjølvbiografien sin at han las The Beano på omslaget fordi han ønskte å vere «lite samarbeidsvillig» under fotograferinga.[2] Fotografen var Derek Wedgbury og staden var nær Old Kent Road.

Remove ads

Bakgrunn

Opphavleg hadde John Mayall tenkt at det andre albumet hans òg skulle vere eit konsertopptak for å fange gitarsoloane til Eric Clapton. Ein konsert vart teken opp på Flamingo Club, med Jack Bruce (som Clapton kort tid seinare spelte med i Cream) på bass. Kvaliteten på konsertopptaka var derimot dårleg og derfor ikkje nytta.[5]

Innspeling

Då dei skrinla konsertopptaka av albumet, gjekk John Mayall & the Bluesbreakers i Decca Studios i West Hampstead i London i mars 1966. Gitaren som Eric Clapton brukte under innspelinga var ein sunburst 1960 Gibson Les Paul Standard. Denne gitaren (som vart stolen i 1966 og aldri funnen att)[6] vert òg kalla «Blues Breaker» eller «Beano» Les Paul og ei etterlikning vart produsert av Gibson i 2012.[6] Kritikarar reknar gitartonen og spelinga til Clapton på dette albumet som særs viktig for den kunstnariske og kommersielle utviklinga av gitarspel innan rocken.[7]

Bandet på dette albumet omfattar Mayall på piano, Hammondorgel, munnspel og det meste av vokalen; bassisten John McVie; trommeslagaren Hughie Flint og Clapton. I tillegg vart det sidan lagt på blåsarar med Alan Skidmore, Johnny Almond og Derek Healey (feilskrive på omslaget som den dåverande britiske forsvarsministeren Dennis Healey).

Remove ads

Songar

Albumet består av bluesstandardar av kjende artistar som Otis Rush, Freddie King og Robert Johnson, i tillegg til eit par originale songar skrivne av Mayall og Clapton. Dei fleste songane var eit utstillingsmonter for gitarspelinga til Clapton. Sjølv om han song på fleire av Yardbirds-innspelingane, var «Ramblin' on My Mind» første gongen Clapton song solovokal, noko han hadde vore motvillig til.[2]

Ettermæle

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I 2003 vart albumet rangert på 195. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[16] Albumet er òg oppført i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[17]

Bortsett frå å vere eit av dei mest innverknadsrike bluesalbuma gjennom historia, var det òg starten på den no legendariske kombinasjonen av ein Gibson Les Paul-gitar gjennom ein Marshall Bluesbreaker-forsterkar med overdrive.[4]

Remove ads

Innhald

Originalalbumet[1]

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

1998-utgåva på Deram

Denne utgåva inneheld alle songane i både mono og stereo: 1–12 som over i mono, 13–24 som 1–12 over i stereo.

2001-utgåva på Deram

Denne utgåva ineheld to bonusspor frå ein singel:

  1. «Lonely Years» (Mayall) – 3:21
    • Singel frå august 1966.[18]
  2. «Bernard Jenkins» (Clapton) – 3:48
    • B-sida til «Lonely Years».[18]

40-årsjubileumsutgåvaa (Decca) (2006)

Plate ein

1–12 Originalalbumet i Mono
13–24 Originalalbumet i stereo

Plate to

Meir informasjon Nr., Tittel ...
  • 1–3: BBC Saturday Club-innspeling
  • 4–7: kom ut som singlar (A- og B-sider)
  • 8–10: BBC Saturday Club-innspeling
  • 11: ikkje gjeven ut før (stereo mix)
  • 12–13: BBC Saturday Club-innspeling
  • 14: konsertopptak frå Looking Back
  • 15–19: konsertopptak frå Primal Solos
  • Remove ads

    Medverkande

    Andre medverkande
    Produksjon
    Remove ads

    Salslister

    Meir informasjon År, Liste ...

    Salstrofé

    Meir informasjon Region, Salstrofé ...

    Kjelder

    Bakgrunnsstoff

    Loading related searches...

    Wikiwand - on

    Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

    Remove ads