Hoochie Coochie Man

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Hoochie Coochie Man» (stundom kalla «(I'm Your) Hoochie Coochie Man») er ein bluesstandard skriven av Willie Dixon og først framført av Muddy Waters i 1954. Songen vart ein stor hitt då han kom ut og nådde 8. plass på Billboard si R&B-liste. Introen og verset på Muddy Water-versjonen består av stop-time.[2] I følgje ei soge av Dave Van Ronk, sa Muddy Waters at songen er meint å ha ein komisk effekt.[3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Lovord

Songen vart innlemma i Blues Hall of Fame i 1984.[4] Songen vart gjeven ein Grammy Hall of Fame Award i 1998.[5] Songen er på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma Rock and Roll.[6] Songen er òg på 225. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene, stemnd fram av representantar frå musikkpressa og musikkindustrien.[7]

Medverkande

På originalinnspelinga frå januar 1954 spelar[1]

Tydinga av 'hoochie coochie'

Hoochie coochie var ein seksuelt pirrande dans som vart særs populær under og etter verdsutstillinga i Chicago i 1893.[8] Sidan dansen vart framført av kvinner, var ein «hoochie coochie man» ein som anten såg på dei eller styrte showet. Alternativt har det ei direkte seksuell tyding for kjønnsleg omgang.

Andre versjonar

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads