Sails of Silver

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sails of Silver er det ellevte studioalbumet til det britiske folkrockbandet Steeleye Span, gjeve ut i 1980.

Meir informasjon Steeleye Span-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet vart spelt inn to år etter bandet først vart oppløyst. Eit krav frå Chrysalis Records var at Peter Knight og Bob Johnson begge skulle bli med i bandet att og erstatta sine eigne erstattarar, Martin Carthy og John Kirkpatrick, som slutta etter utgjevinga av Live at Last. Trass i at det vart produsert av den faste produsenten til Elton John, Gus Dudgeon, vart Sails of Silver kommersielt mislukka og vart dropen i begeret for Tim Hart, som slutta i bandet, og Maddy Prior vart dermed den einaste originale medlemmen som var att.

Sjølv om bandet på dette albumet hadde den same besetninga som skapte stor suksess nokre år tidlegare, vert Sails of Silver ofte rekna for å ha ei anna and enn dei klassiske albuma frå 1970-åra. Før Sails of Silver hadde bandet nesten alltid spelt tradisjonelle songar, i tillegg til enkelte songar skrivne på 1900-talet. Men på dette albumet inkluderte dei fleire songar dei hadde skrive sjølv, som «Let Her Go Down» og «Senior Service». Denne trenden har dei halde fram heilt fram til i dag.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Besetning på bonusspor:

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads