Broad Peak

From Wikipedia, the free encyclopedia

Broad Peak
Remove ads

Broad Peak (urdu بروڈ پیک; kinesisk 布洛阿特峰; pinyin Bùluòātè Fēng)[1] er med ei høgd på 8 047 m det tolvte høgste fjellet på jords. Broad Peak er ein del av Gasherbrum-gruppa i fjellkjeda Karakoram nord i Pakistan. 8 kilometer lengre nord, på andre sida av Godwin-Austen-breen ligg K2, verdas nest høgste fjell.

Thumb
Dei tre toppane på Broad Peak: nord- (heilt til venstre), midt- (venstre tredel av bildet) og hovudtoppen (i midten av bildet)
Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Remove ads

Namnet

William Martin Conway, leiaren av ein engelsk utforskingsekspedisjon i 1892, døypte fjellet Broad Peak («Breidtind») på grunn av det over ein kilometer lange, nesten flate toppområdet. Fjellet skal ha gjeve Conway assosiasjonar til Breithorn i Zermatt. Området der Baltorobreen og Godwin-Austen-breen flyt saman minna Conway om KonkordiaplatzAletschgletscher i Bern-Alpane, og han gav det derfor namnet Concordia.

Remove ads

Toppane på Broad Peak

Meir informasjon Topp, Høgd ...

Klatrehistorikk

Ein ekspedisjon leia av Karl Herrligkoffer kom i 1954 til om lag 6 900 m før dei blei tvungne ned att.

Førsteklatringa stod austerrikarane Hermann Buhl, Kurt Diemberger, Marcus Schmuck og Fritz Wintersteller for 9. juni 1957. Dei klatra i alpin stil, dvs utan flaskeoksygen og berarar. Dei var på fortoppen allereie 29. mai, men måtte konstatere at det høgste punktet var et godt stykke unna og gå ned att for å samle krefter til det endelege toppangrepet.

Nordtoppen førsteklatra Renato Casarotto i 1983.

14. juli 1984 soloklatra polakken Krzysztof Wielicki fjellet på 14 timar; for opp- og nedstigninga totalt brukte han berre 22 timar.[2][3]

Kari Dybsjord Røstad nådde som første nordmann toppen av Broad Peak den 27. juli 2017.

Litteratur

  • Kurt Diemberger, Spirits of the Air, 1994. Mountaineers Books, ISBN 0-89886-408-9
  • Richard Sale, Broad Peak, Carreg, Ross-on-Wye, 2007. ISBN 0-9538631-5-8
  • Marcus Schmuck, Broad Peak 8047 m Meine Bergfahrten mit Hermann Buhl, Das Bergland-Buch, Salzburg, 1958 (om førsteklatringa)
  • Rollo Steffens, Faszination Karakorum. Die wilden Berge Asiens, Bruckmann Verlag, München, 2000. ISBN 3-7654-3593-7
  • Jochen Hemmleb, Broad Peak – Traum und Albtraum, Tyrolia, Innsbruck 2007. ISBN 3-7022-2811-X
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads