Broadway the Hard Way
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Broadway the Hard Way er eit konsertalbum av Frank Zappa innspelt på verdsturneen hans i 1988. Han vart først gjeven ut på vinyl med ni spor, tilgjengeleg på Barking Pumpkin i oktober 1988, og sidan på CD med 17 spor på Rykodisc i 1989.
Remove ads
Musikk og tekst
Albumet består av songar frå den siste turneen til Zappa i 1988. Broadway fokuserer hovudsakleg på skarp satire over personar i samtida, både politiske og kulturelle. Gjennom albumet går Zappa til åtak på mellom andre Richard Nixon og Ronald Reagan på «Dickie's Such An Asshole» (skriven i 1973), Jesse Jackson på «Rhymin' Man», Jim og Tammy Faye Bakker og Pat Robertson på «Jesus Thinks You're A Jerk» og Michael Jackson og familien hans på «Why Don't You Like Me?". Zappa gjer òg narr av kvinnelege rollemodellar i songane «Any Kind Of Pain» (skriven i 1980) og «Planet of Baritone Women».
Albumet inneheld relativt mange coverversjonar, frå jazzstandarden «Stolen Moments» til The Police-songen «Murder by Numbers» (med gjesteframføring av Sting sjølv). «Outside Now» er frå Joe's Garage, og «Why Don't You Like Me» er lett gjenkjenneleg som ein ny versjon av Zappa sin «Tell Me You Love Me» frå 1970. «Rhymin' Man» er fylt med melodiar frå slagerar som «Happy Days Are Here Again», «Hava Nagila», «La Cucaracha» og «Frère Jacques». I «What Kind of Girl» er det ei linje frå «Strawberry Fields Forever» og ein del frå «Battle Hymn of the Republic» medan «Jesus Thinks You're a Jerk» siterer «Louie Louie», «Rock of Ages» og Marius Constant-temaet frå The Twilight Zone.
Remove ads
Innhald
- Original LP
Alle spor skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnte.
- CD-versjon
Remove ads
Medverkande
- Frank Zappa – gitar, produsent, vokal
- Kurt McGettrick – barytonsaksofon
- Scott Thunes – bassgitar
- Albert Wing – tenorsaksofon
- Ed Mann – perkusjon
- Chad Wackerman – trommer
- Ike Willis – gitar, vokal
- Eric Buxton – vokal
- Paul Carman – altsaksofon
- Walt Fowler – trompet
- Mike Keneally – synthesizer, vokal, gitar
- Sting – solovokal på «Murder By Numbers»
- Bruce Fowler – trombone
- Robert Martin – klaverinstrument, vokal
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads