Brother Where You Bound
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brother Where You Bound er det åttande studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, utgjeve i 1985. Det var det første albumet deira etter det originale medlemmet Roger Hodgson slutta i bandet, og Rick Davies måtte ta over all låtskrivinga og synginga sjølv. Albumet inneheld topp 30-hitten «Cannonball».
Brother Where You Bound nådde 20. plassen på UK Albums Chart[1] og 21. plassen på The «Billboard 200 i 1985,[2] og selte til gullplate i 1985.
Remove ads
Songar
Songen «Better Days» inneheld ein lengre uttoning med stemmer av dei fire nøkkelpersonane i den amerikanske presidentvalkampen i 1984 med sitat av Geraldine Ferraro og Walter Mondale i venstre lydkanal og George H.W. Bush og Ronald Reagan i den høgre, blanda med saksofonsoloen til John Helliwell.
Det 16 minuttar lange tittelsporet vart framført med Scott Gorham frå Thin Lizzy på rytmegitar og David Gilmour frå Pink Floyd på gitarsolo. Delar av teksten kom frå George Orwell-romanen Nineteen Eighty-Four. Ein demo for songen spelt inn før Roger Hodgson slutta i bandet,[3] for å kanskje vere med på albumet …Famous Last Words…, men bandet kom fram til at han vart for progressiv til å passe inn på resten av albumet, og spelte han ikkje inn den gongen.[4] Då demoversjonen vart spelt inn var songen berre ti minuttar lang.[4]
Remove ads
Utgjeving
For å byggje interesse kring utgjevinga, vart albumet spelt for eit dusin journalistar invitert med på Orientekspressen frå Paris til Venezia, der dei òg fekk sjå ein full video for «Brother Where You Bound».[5] Gruppa hadde fram til no ofte halde ein låg profeil, men gjorde no mange intervju på radio og TV, mellom anna ei sending av «Brother Where You Bound» på MTV og Global Satellite Network samstundes.[6]
Remove ads
Mottaking
Meldinga til AllMusic var positiv, men skreiv at den tematiske utforskinga av spaninga kring den kalde krigen var «datert og har ikkje eldast godt, men musikken her er ein glede». Dei trekte særskild fram den «krystallklåre lyden», den sterke framføringa av gjestemusikarane, og dei komplekse komposisjonane. Dei hylla òg bandet for å ha nok guts til å «gå attende til dei progressive rockerøtene» og samstundes forbetre poplåtskrivinga.[7]
Prog Sphere skreiv «Brother Where You Bound er eit perfekt døme på ei kryssing av prog og pop på sitt beste, og er såleis sterkt tilråda til alle som er fan av prog, men som syns «pop» er eit dårleg ord.»[8]
Innhald
Alle songar skrivne av Rick Davies.
Medverkande
- Rick Davies – piano (alle spor), synthesizer (alle spor), hammondorgel (spor 2), vokal
- John Helliwell – saksofon (spor 1-5)
- Bob Siebenberg – trommer (alle spor)
- Dougie Thomson – bass (spor 1-5)
Andre medverkande
- David Gilmour – gitarsolo på «Brother Where You Bound»
- Scott Gorham – rytmegitar på «Brother Where You Bound»
- Marty Walsh – gitar på «Cannonball», «Still in love», «Better Days» & «Brother Where You Bound»
- Doug Wintz – trombone på «Cannonball»
- Cha Cha – korvokal på «Still in Love»
- Brian Banks – Synclavier-programmering
- Anthony Marinelli – Synclavier-programmering
- Gary Chang – Fairlight & PPG-programmering
- Scott Page – tverrfløyte på «Better Days» & «Brother Where You Bound»
Remove ads
Produksjon
- Produsentar: David Kershenbaum, Supertramp
- Lydteknikar: Norman Hall
- Assistant lydteknikar: Steve Crimmel
- Miksing: Mark Ettel
- Mikseassistent: Steve McMillan
- Mastering: Bob Ludwig
- Ommastring: Greg Calbi, Jay Messina
- Sporlydteknikar: Allen Sides
- Kunstnarisk leiar: Norman Moore
- Design: Norman Moore
- Foto: Tom Gibson
Singlar
Singelliste – «Billboard (USA)[9]
Salslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads