Bruno Kernen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bruno Kernen
Remove ads

Bruno Kernen (fødd 1. juli 1972) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Thun. Han vart verdsmeister i utfor under VM i alpint 1997 i Sestriere. I same meisterskapen fekk han sølv i den alpine kombinasjonen. Både i VM i alpint 2003 i St. Moritz og under vinter-OL 2006 i Torino vann han bronsemedalje i utfor. I sin siste sesong fekk han atter ein bronsemedalje, då i super-G i alpin-VM 2007 i Åre. Samanlagd i verdscupen i alpint vart han nummer 12 både i 1996 og 2003.

Kjappe fakta
Remove ads

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

  • 1997: Gullmedalje i utfor og sølvmedalje i kombinasjonsøvinga under VM i alpint i Sestriere
  • 1998: Nr 12 i super-G under vinter-OL i Nagano
  • 1999: Nr 7 i super-G under VM i alpint i Vail
  • 2001: Nr 13 i utfor under VM i alpint i St. Anton
  • 2002: Nr 11 i storslalåm under vinter-OL i Salt Lake City
  • 2003: Bronsemedalje i utfor under VM i alpint i St. Moritz
  • 2005: Nr 5 i utfor under VM i alpint i Bormio
  • 2006: Bronsemedalje i utfor under vinter-OL i Torino
  • 2007: Bronsemedalje i super-G under VM i alpint i Åre
Remove ads

Sigrar i verdscupen

Meir informasjon Dato, Stad ...

Kernen la opp som aktiv alpinist i 2007.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads