Changesonebowie

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Changesonebowie er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut på RCA Records i 1976. Det er ei samling av songar frå perioden 1969 til 1976, inkludert første gongen «John, I'm Only Dancing» kom ut på eit album. Dette var ein «sax-versjon» av songen, spelt inn under Aladdin Sane-innspelinga i 1973, og kom ut på dei første tusen, britiske eksemplara (identifisert på at det mangla RCA-logo i det øvre høgre hjørnet av omslaget). Seinare trykk av Changesonebowie kom med den originale versjonen av singelen som vart spelt inn og gjeven ut i 1973. Alle dei amerikanske utgåvene av LP-plata hadde denne originalen òg.

Meir informasjon David Bowie-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

To spor, «Ziggy Stardust» og «Suffragette City», var aldri komne ut som singlar då Changesonebowie kom ut, men førstnemnde hadde vore B-side til «The Jean Genie» i november 1972 og sistnemnde kom ut på singel i juli 1976 for å marknadsføre samlinga.

Biletet på plateomslaget vart teke av Tom Kelley, som tok dei kjende naken-kalenderbileta av Marilyn Monroe på raud fløyel i 1949.

Albumet vart følgd opp av samlealbumet Changestwobowie i 1981.

Remove ads

Albumsoge

RCA Records gav ut Changesonebowie på CD i 1984, men trekte det tilbake etter kort tid, i lag med resten av RCA-katalogen til Bowie, på grunn av ein konflikt mellom Bowie og RCA. Denne CD-utgåva inneheld den originale singelversjonen av «John, I'm Only Dancing».

Då Bowiekatalogen kom ut på Rykodisc i 1990, vart Changesonebowie erstatta av ei ny samleplate, Changesbowie, der «Fame» vart erstatta av «Gass Mix» frå «Fame 90» (produsert og remiksa av Jon Gass) og «'Heroes'», «Ashes to Ashes», «Fashion», «Let's Dance», «China Girl», «Modern Love» og «Blue Jean» vart lagt til. I tillegg til dei over, la Rykodisc til songane «Starman» (etter «Space Oddity»), «Life on Mars?» (etter «The Jean Genie») og «Sound and Vision» (etter «Golden Years») til dobbel-LP-utgåva av albumet.

Ei ommastra utgåve av det originale Changesonebowie kom ut 20. mai 2016 på vinyl og CD for å markere 40-årsjubileet.[1] 13. april 2018 vart Changesonebowie gjeve ut digitalt i lag med ei nyleg ommastra utgåve av oppfølgjaren Changestwobowie på vinyl, CD og digitalt format.[7]

Plateomslaget inspirerte den utvida utgåva av Morrissey-albumet Southpaw Grammar i 2009.

Remove ads

Lovord

I 1987 rangerte Rolling Stone albumet på 96. plassen på lista si «The Top 100 Albums of the Last Twenty Years», i høve 20-årsjubileet deira. I 2003 vart albumet rangert på 425. plassen på Rolling Stone si liste over 500 beste albuma gjennom tidene.[8]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • David Bowie – vokal, gitar, klaverinstrument, saksofon, munnspel, stylophone, Moog, Mellotron, korvokal
  • Tim Renwick – gitar (side one-1)
  • Mick Wayne – gitar (side one-1)
  • Rick Wakeman – mellotron (side one-1)
  • Herbie Flowers – bass (side one-1, side to 1,2)
  • Terry Cox – trommer (side one-1)
  • Mick Ronson – gitar, piano, moog, korvokal (side one 2–6)
  • Trevor Bolder – bass (side one 2–6)
  • Mick Woodmansey – trommer (side one 2–6)
  • Tony Newmark – trommer (side to 1)
  • Aynsley Dunbar – trommer (side to 2)
  • Carlos Alomar – gitar (side to 3,4,5)
  • Earl Slick – gitar (side to 4,5)
  • John Lennon – gitar, korvokal (side to 4)
  • Mike Garson – Piano, klaverinstrument (side one 2–6, side to 1–4)
  • Roy Bittan – piano (side to 5)
  • Willy Weeks – bass (side to 9)
  • Emir Ksasan – bass (side to 10)
  • George Murray – bass (side to 5)
  • Andy Newmark – trommer (side to 3)
  • Dennis Davis – trommer (side to 4,5)
  • David Sanborn – saksofon (side to 3)
  • Pablo Rosario – perkusjon (side to 3)
  • Larry Washington – perkusjon (side to 3)
  • Ralph Mcdonald – perkusjon (side to 4)
  • Ava Cherry, Robin Clark, Anthony Hinton, Diane Sumler, Luther Vandross – korvokal (side to 3)
  • Warren Peace – korvokal (side to 3,5)
  • Jean Millington, Jean Fineberg – korvokal (side to 4)
  • Harry Maslin, Editing, Assembling, and Mastering
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1976), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Organisasjon, Nivå ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads