Blue Jean

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Blue Jean» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie for det sekstande studioalbumet hans, Tonight (1984). Songen var ein av berre to songar på albumet som var skriven av Bowie aleine. Han vart gjeven ut på singel før albumet kom ut og han nådde sjetteplassen i Storbritannia og åttandeplassen i USA. Songen er laust inspirert av Eddie Cochran.[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Etter den store salssuksessen med det forrige albumet til Bowie, Let's Dance, singlane frå dette albumet og Serious Moonlight-turneen, vart «Blue Jean» lansert med ein 21 minuttar lang kortfilm kalla Jazzin' for Blue Jean, regissert av Julien Temple.[2] Den delen av kortfilmen der songen vart framført vart sidan redigert ut som ein vanleg musikkvideo. Filmen vann prisen for beste video i kort form, seinare kalla «beste musikkvideo» under Grammyprisutdelinga året etter. Det var den einaste Grammyprisen Bowie vann medan han levde, sjølv om han fekk fire prisar for albumet Blackstar (2016) posthumt.[3]

«Blue Jean» vart spelt på fleire av turnane til Bowie: Glass Spider-turneen (1987), Sound+Vision-turneen (1990) og Reality-turneen (2004).

Remove ads

Komposisjon og mottaking

I eit intevju i 1987 vart Bowie spurt om å samanlikne songen med «Time Will Crawl» og Bowie sa: «'Blue Jean' er eit stykke sexistisk rock 'n roll. [ler] Det handlar om å sjekke opp jenter. Det er ikkje veldig cerebralt, det stykket.»[4] BBC-meldaren Chris Jones kritiserte songen i meldinga si for Best of Bowie i 2002 og hevda at «'Blue Jean' finst berre så vidt, så formelbasert som han er.»[5] Kommentatoren Chris O'Leary skreiv at medan «Blue Jean» er godt plassert i «pastisjefeltet», skildra han songen som «smart» og «fengande» og ein av dei beste «andrerangs-hittane» til Bowie.[6]

Remove ads

Innhald

7": EMI America / EA 181 (Storbritannia)

  1. «Blue Jean» – 3:08
  2. «Dancing with the Big Boys» – 3:32
  • Somme versjonar av 7"-singelen kom ut på blå vinyl

12": EMI America / 12EA 181 (Storbritannia)

  1. «Blue Jean» (Extended Dance Mix) – 5:15
  2. «Dancing with the Big Boys» (Extended Dance Mix) – 7:28
  3. «Dancing with the Big Boys» (Extended Dub Mix) – 7:15
  • «Blue Jean» (Extended Dance Mix) remiksa av John «Jellybean» Benitez i Sigma Sound - NYC - Lydteknikar: Jay Mark.
  • «Dancing with the Big Boys» remiksa av Arthur Baker.
Remove ads

Medverkande

Produksjon

Andre utgjevingar

Videoversjonar

Det finst tre versjonar av videoen:

  1. Den fulle 21 minuttar lange versjonen kalla Jazzin' for Blue Jean
  2. Den tre minuttar lange versjonen der songen vert framført i Jazzin' for Blue Jean. Videoen er tilgjengeleg for nedlasting i karaokespelet Lips.
  3. Ein alternativ versjon spelt inn for MTV i England har ingen samband med dei andre videoane. Denne alternative versjonen var ikkje tilgjengeleg før DVD-utgåva av Best of Bowie i 2002.
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1984), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Land/Region, Salstal ...

Andre versjonar

  • Example 2 - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • Gallery of Fear - The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)
  • Pennywise
  • Trench - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
  • Papercranes - We Were So Turned On: A Tribute to David Bowie (2010)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads