Chantal Janzen
nederlandsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chantal Janzen (fødd 15. februar 1979) er ein nederlandsk skodespelar, musikalartist og tv-programleiar. Ho har hatt roller i nederlandske filmar som De Dominee, Volle maan og Deuce Bigalow: European Gigolo, og ho har leia Idols. Janzen spelte òg rollen som Belle i den nederlandske musikalversjonen av Skjønnheten og udyret og Jane i Tarzan. Ho starta seinare ein tv-karriere i den nederlandske kanalen AVRO der ho leia prisshowet Gouden Televizier-Ring Gala frå 2008 til 2010. I 2011 gjekk ho over til den kommersielle TV-kanalen RTL 4, der ho har leia program som Holland's Got Talent og The Voice of Holland. Janzen har vunne Televizier-Ster-prisen for beste tv-programleiar fem gongar. I 2020 skulle Janzen vore programleiar for Eurovision Song Contest frå Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[1] I staden leia ho tevlinga i 2021.[2]
Remove ads
Bakgrunn
Janzen vart fødd i Tegelen og studerte seinare ved Amsterdamse Hogeschool voor de Kunsten. Ho vart undervist i dans, i sjangrar som klassisk, moderne, jazz og stepping. Ho vart òg undervist i skodespel, song og musikal.
Janzen har spelt i ei rekkje musikalar, blant andre Crazy For You, Kunt u mij de weg naar Hamelen vertellen, mijnheer, Saturday Night Fever, 42nd Street, Skjønnheten og udyret, Tarzan og Petticoat.[3][4][5]
Janzen har òg hatt gjesteroller i tv-program som Baantjer, Intensive Care, De Band, Meiden van De Wit og Kinderen Geen Bezwaar. Ho har òg leia lottotrekninga Staatsloterij Live og nederlandske Idol. Janzen har òg spelt i ei rekkje filmar, blant andre De Dominee, Feestje, Deuce Bigalow: European Gigolo, Volle Maan, Alles is Liefde, Kicks og tv-filmen Loverboy.[6] I desember 2002 slapp ho singelen «Achter De Sterren», tittelsongen frå filmen Science Fiction.[7][8]
Janzen vann John Kraaijkamp Musical Award i 2002 i klassa «kommande talent» for rolla i Saturday Night Fever. Ho vann òg ein musikalpris i 2005 for beste skodespelar i ei birolle, for innsatsen i musikalen Crazy For You. Ho vart òg nominert til beste kvinnelege hovudrolle i 2006 for rolla som Belle i Skjønnheten og udyret, og fekk ein ny nominasjon i 2007 for rolla som Jane i musikalversjonen av Tarzan. På grunn av graviditet måtte ho mellombels tre ut av rolla frå september 2008 til april 2009. Ho vart erstatta av Bente van den Branden under permisjonen. Etter Tarzan spelte ho ei rolle i Disney Musical Sing-Along.[9]
I 2011 avslutta Janzen engasjementet sitt for den nederlandske TV-kanalen AVRO og skreiv i staden kontrakt med RTL.[10] I 2012 hadde Janzen ei rolle i tv-seriane Divorce og Goede tijden, slechte tijden.[11] I 2019 hadde ho ei lita rolle i Goede tijden, slechte tijden.[12] Janzen har òg vore programleiar for ei rekkje program, blant andre De Jongens tegen de Meisjes, Everybody Dance Now, It Takes 2, Time To Dance og The Voice of Holland.[13] Ho har òg vore programleiar for Dance Dance Dance, All Together Now og Dancing with the Stars.[14][15][16] Dei siste åra har ho òg vore jurymedlem i tv-program som Your Face Sounds Familliar, Holland's Got Talent og The Talent Project[17][18]
I 2015 og 2016 var Janzen òg programleiar for den tyske versjonen av The Voice Kids og som jurymedlem i Superkids.[19][20]
I november 2019 offentleggjorde nederlandske NPO at Janzen skulle vere programleiar for Eurovision Song Contest 2020 frå Rotterdam i Nederland saman med Edsilia Rombley og Jan Smit. Men 18. mars 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[1][21] I staden leia ho erstatningsshowet Eurovision: Europe Shine a Light. I 2021 fekk Janzen leia Eurovision Song Contest saman med Edisila Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager[2]
Remove ads
Filmografi
Film
Fjernsyn
Som skodespelar
Som programleiar eller jurymedlem
Remove ads
Musikalar
Privatliv
Janzen er gift med Marco Geeratz, og paret har to barn: James, fødd i 2009; og Bobby, fødd i 2018. Geeratz har i tillegg tre barn frå eit tidlegare forhold.[9][22]
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads