Nikkie de Jager

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nikkie de Jager
Remove ads

Nikkie de Jager (fødd 2. mars 1994 i Wageningen), best kjend under YouTube-brukarnamnet NikkieTutorials, er ein nederlandsk makeupartist og venleiksloggar. Ho fekk stor merksemd i 2015 med YouTube-videoen «The Power of Makeup» der ho viste seg med og utan sminke. Videoen vart raskt populær og inspirerte mange andre brukarar til å gjera det same.[1][2][3] Per november 2021 har YouTube-kanalen hennar 13,8 millionar abonnentar og over 1,5 milliardar videovisingar.[4]

Kjappe fakta
Remove ads

Bakgrunn

De Jager byrja å laste opp videoar på YouTube som 14-åring i 2008, etter å ha lege sjuk heime og sett MTV-serien The Hills. Der vart ho inspirert av sminka til Lauren Conrad.[5] Sidan byrja ho å søkje på YouTube etter leksjonar for å attskape stilen til Conrad og vart sidan inspirert til å skape sin eigen YouTube-kanal.[6][7] Etter å ha lasta opp videoar i rundt to år, melde de Jager seg opp på eit makeupkurs ved B Academy i Amsterdam. Sidan byrja ho for Colourfool Agency i 2011 og starta å jobba som profesjonell makeup-artist.[6]

Hausten 2013 vart de Jager hovudsminkør for RTL 5-programmet I Can Make You a Supermodel med agenten Paul Fisher.[6][8] De Jager forlét Colourfool Agency vinteren 2014 for å jobbe som frilansar innan hår og sminke.[6]

Året etter oppnådde de Jager ry gjennom YouTube-kanalen sin, og vart ein kjend makeup-influensar. I 2017 kåra magasinet Forbes de Jager til ein av dei ti største venleiksinfluensarane i verda.[9] Same året vann ho òg pris som årets «YouTube-guru» under Shorty Awards og prisen for «Choice Fashion/Beauty Web Star» under Teen Choice Awards.[10][11][12]

I januar 2019 vart det kunngjort at de Jagar skulle fungere som internasjonal «skjønnheitsrådgjevar» for sminkeselskapet Marc Jacobs Beauty. Der skulle ho fungere som rådgjevar og delta i produktutvikling verda over, både for Marc Jacobs Beauty og hennar eigne kanalar.[13] I 2020 skulle de Jager ha vore nettvert for Eurovision Song Contest som skulle vore arrangert i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien som nådde Europa berre nokre månader før tevlinga skulle haldast. I staden var ho nettvert for erstatningsprogrammet Eurovision: Europe Shine a Light 16. mai 2020.[14][15] De Jager var programleiar for Eurovision Song Contest 2021 saman med Chantal Janzen, Jan Smit og Edsilia Rombley.[16][17]

Remove ads

Privatliv

13. januar 2020 lasta de Jager opp ein video på YouTube-kanalen sin med tittelen «I'm Coming Out». Der avsløra ho at ho er tranperson, og at ho hadde vorte pressa av nokon som truga med å offentleggjere kjønnsidentiteten hennar.[18][19][20] Ho gjennomgjekk kjønnsbekreftande behandling i barndomen og tenåra.[21]

De Jager er trulova med partnaren sin Dylan Drossaers.[22][23]

Deltakingar på fjernsyn

I september 2017, var de Jager deltakar i det nederlandske gameshowet The Big Escape. I januar 2019, deltok ho i den nittande sesongen av den populære realityserien Wie is de Mol?.[24] Ho var òg gjestedommar i den norske versjonen av Glow Up.[25] I september 2020 deltok ho igjen i Wie is de Mol?, i ein spesialsesong i samband med 20-årsjubileet for realityserien.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads