Chicago av Chicago

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Chicago (stundom kalla Chicago II) er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet Chicago. Det kom ut i 1970 etter bandet hadde korta ned namnet sitt frå The Chicago Transit Authority. Albumet er eit dobbeltalbum.

Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Historie

Sjølv om den offisielle tittelen på albumet er Chicago, vart det sidan kjend som Chicago II, då nummereringa av albuma deira med romartal offisielt byrja med Chicago III i 1971.

Sjølv om The Chicago Transit Authority var ein suksess, vert Chicago av mange rekna som gjennombrotet til Chicago, med fleire hittar på topp 40, som «Make Me Smile» (9. plassen), «Colour My World» (7. plassen) og «25 or 6 to 4» (4. plassen). Hovudverket på albumet er den tretten minuttar lange songsyklusen «Ballet for a Girl in Buchannon». Gitarist Terry Kath bidrog med ein lengre klassisk-aktig med fire musikkstykker. Tre av dei var skriven i lag ned komponisten og pianisten Peter Matz. Den politiske frimodige klaverspelaren Robert Lamm bidrog med «It Better End Soon», som òg var delt inn i fleire satsar. Bassist Peter Cetera, som seinare spelte ei viktig rolle som låtskrivar for bandet, bidrog med den første songen sin for Chicago, «Where Do We Go From Here".

Albumet kom ut i januar 1970 på Columbia Records og vart raskt ein hit. Det nådde fjerdeplassen på albumlista i USA og sjetteplassen i Storbritannia.

Columbia Records var særs aktive i å marknadsføre kringlydformatet sitt med fire kanalar i midten av 1970-åra og ni av dei ti første Chicago-albuma vart gjeve ut i kvadrofonisk lyd. Den kvadrofoniske miksen av albumet inneheld ekstra gitar av Kath på «25 Or 6 To 4» og det er nytta eit anna vokalopptak av Lamm på «Wake Up Sunshine».

I 2002 vart Chicago mastra på ny og gjeve ut som ein enkel CD av Rhino Records med singelversjonane av «Make Me Smile» og «25 or 6 to 4» som bonusspor.

Rhino gav ut ein DVD-Audio-versjon av albumet i 2003, med miksar i både Advanced Resolution Stereo og 5.1 kringlyd.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

  • Peter Matz – orkestering og arrangement på «Memories of Love» («Prelude», «A.M. Mourning», «P.M. Mourning»)

Produksjon

  • Produsert av James William Guercio
  • Lydteknikarar: Donald Puluse, Brian Ross-Myring og Chris Hinshaw
  • Robert Honablue – mastering
  • Plateomslag – Nick Fasciano
  • Plateomslagdesign – John Berg
  • Fotograf – Herb Greene

Lister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Salstrofé

Meir informasjon Organisasjon, Nivå ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads