Make Me Smile
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Make Me Smile» er ein song skriven av James Pankow for rockebandet Chicago. Songen er den første delen av den sju satsar lange songsyklusen/suiten Ballet for a Girl in Buchannon som vart spelt inn for det andre albumet deira, Chicago (ofte kalla Chicago II) frå 1970.
Remove ads
Bakgrunn
Eit radiovennleg klipp av «Make Me Smile» (med slutten av «Now More Than Ever» det siste sporet frå Ballet) vart gjeve ut som singel i mars 1970 og vart den første singelen til bandet som nådde topp 10 i USA med ein niandeplass på Billboard Hot 100-lista.[1] Då Chicago gav ut samlealbumet The Very Best of: Only the Beginning i 2002, laga dei ein annan klipp av songen, med «Make Me Smile» og «Now More Than Ever» sett saman til eit klipp, men utan redigeringa og nedkortinga frå singelversjonen.
Etter at Terry Kath døydde i 1978, var det Bill Champlin som song «Make Me Smile». Han kom med i bandet for innspelinga av Chicago 16, og var med til han slutta i gruppa i august 2009.
Remove ads
I populærkultur
«Make Me Smile» var mogeleg å laste ned for videospelet Rock Band 3.
Medverkande
- Terry Kath - solovokal, elektrisk gitar
- Robert Lamm - korvokal, piano
- Peter Cetera - korvokal, bass
- Danny Seraphine - trommer, tamburin, maracas
- Jimmy Pankow - trombone
- Lee Loughnane - trompet
- Walt Parazaider - tenorsaksofon
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads