Christin Cooper
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Christin Elizabeth Cooper (fødd 8. oktober 1959) er ein USA-amerikansk skirennar frå Ketchum i Idaho som vann fire medaljar, tre sølv og ein bronse, under Alpin-VM 1982 og Vinter-OL 1984.
Remove ads
Aktiv
Cooper debuterte i verdscupen i alpine greiner i 1978. Under dei olympiske leikane 1980 i Lake Placid i heimlandet vart ho nummer sju i storslalåm og åtte i slalåm.
Frå desember 1981 til mars 1984 vann Cooper fem renn i verdscupen; to i storslalåm, eitt i slalåm og to i kombinasjon. Ho kom på tredjeplass i verdscupen i alpine greiner 1982, einast sveitsiske Erika Hess og vesttyske Irene Epple var betre alpinistar gjennom sesongen. Same året sanka ho tre medaljar gjennom verdsmeisterskapen i alpine greiner 1982 i Schladming i Austerrike. Det tok til med ein bronse i kombinasjonen og heldt fram med sølvmedaljar i storslalåm og i slalåm. Alle dei tre tevlingane vart elles vunne av Erika Hess.
Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo vann Cooper sølvmedaljen i storslalåm, og sikra dermed dobbeltsiger for USA ettersom gullmedaljen gjekk til Debbie Armstrong. Cooper, som la opp etter OL-sesongen 1984, stod 26 gongar på sigerspallen, 19 av dei i anten storslalåm eller slalåm.
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Christin Cooper» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads