Coniston Water
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Coniston Water (vanlegvis berre kalla Coniston lokalt) er ein innsjø i Cumbria i England og den tredje største innsjøen i Lake District. Han er 8 km lang og opp mot 800 meter brei. Den største djupna er 56 meter og han dekkjer eit areal på 4,9 km². Innsjøen ligg 44 meter over havet. Vatnet har utsig via elva Crake.
Remove ads
Geografi
Coniston Water er forma av isbrear. Innsjøen ligg i ein djup u-dal rundt vulkanske bergartar og kalkstein.
Nordvest for innsjøen ligg Old Man of Coniston, det høgaste fjellet i Coniston Fells-gruppa.
Historie

Det er gjort funn etter gardsbruk frå bronsealderen nær breidda av Coniston Water. Romarane vann ut kopar frå fjellet oppfor innsjøen, og ein brenneomn med pottoske og to blestomnar i jern syner at den industrielle aktiviteten heldt fram i mellomalderen. På 1200- og 1300-talet var Coniston Water ei viktig fiskekjelde for munkane i Furness Abbey, som eigde innsjøen og landområdet kring. Kopargruvene var i drift kontinuerleg fram til 1800-talet.
Innsjøen heitte tidlegare Thurston Water, eit namn som kjem frå det norrøne personnamnet Torstein.[1] Dette namnet vart nytta som eit alternativt namn til seint på 1700-talet.[2]
Kunstnaren og filosofen John Ruskin eigde Brantwood House på austsida av innsjøen og budde der frå 1872 til han døydde i 1900. Ruskin er gravlagd i kyrkjegarden i landsbyen Coniston, ved nordenden for innsjøen.
I nyare tid har Coniston Water vorte kjend for ei kontroversiell mordsak. Carol Park, som budde ved innsjøen, vart drepen i 1976, men først tilfeldig funne av dykkarar i innsjøen i 1997.[3] Mannen hennar vart dømd for drapet, og tok i 2010 livet sitt i fengsel. Saka vert rekna som kontroversiell fordi mannen vart dømd på indisie og ingen klåre bevis, og mange meinte at han vart uskuldig dømd.[4]
Remove ads
Fartsrekord
På 1900-talet vart det gjort fleire forsøk på Coniston Water på setje ny fartsrekord på vatn. 19. august 1939 sette sir Malcolm Campbell ny rekord med 228,108 km/h på Coniston Water i Bluebird K4. Mellom 1956 og 1959 sette sonen til Sir Malcolm's, Donald Campbell fire etterfølgjande rekordar i Bluebird K7, eit vassfly.
I 1966 følte Donald Campbell at han måtte nå 300 miles per hour (483 km/h) for å halde på rekorden. 4. januar 1967 oppnådde han ein toppfart på 515 km/h i Bluebird K7 under forsøket. Han mista så kontroll over fartøyet som vart rundkasta, kræsja og sokk. Campbell mista livet. Liket av Campbell og fartøyet hans vart henta til overflata i 2001.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads