Miles of Aisles
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Miles of Aisles er det første konsertalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut i 1974 på Asylum Records. Det er eit dobbeltalbum som dokumenterer konsertane hennar under Court and Spark-turneen, i lag med bandet hennar for turneen, L.A. Express. Albumet nådde andreplassen på Billboard 200 og vart eit av dei bestseljande albuma hennar. Det selde til gullplate i USA.[6]
Remove ads
Innhald
Dette var den første turneen til Mitchell med musikarar til å akkompagnere seg. Før dette hadde ho generelt spelt solo og hadde aldri organisert ein turné med eit band.[7] Ho tok med seg eit allereie eksisterande band, jazzfusionbandet L.A. Express, som hadde spelt på det førre studioalbumet hennar, Court and Spark, den største salssuksessen hennar. Eit spor frå dette konsertalbumet, «Big Yellow Taxi», kom ut på singel. Fire år etter studioversjonen hadde nådd 67. plassen på Billboard Hot 100 som singel, nådde denne konsertversjonen 24. plassen på Billboard Hot 100-lista, og vart den fjerde topp 40-singelen til Mitchell og den tredje på rad.
Albuemet inneheld mange av dei mest kjende songane hennar til då, men berre ein song frå det nyaste albumet, og ingen av dei to hitsinglane «Help Me» og «Free Man in Paris». Det inneheld òg to heilt nye songar, «Love Or Money» og «Jericho». Sistnemnde vart spelt inn i ei studioutgåve i 1977 på albumet hennar Don Juan's Reckless Daughter. Alle snogane utanom to vart spelte inn i Universal Amphitheatre i Los Angeles, 14. til 17. august 1974. «Cactus Tree» vart spelt inn i Los Angeles Music Center den 4. mars og «Real Good for Free» i Berkeley Community Theater den 2. mars. Bilete på omslaget var henta frå Pine Knob Music Theater i Clarkston i Michigan.[8]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Joni Mitchell
Remove ads
Medverkande
- Joni Mitchell — vokal, gitar, piano, dulcimer, fotografi og grafikk.
- The L.A. Express
- Tom Scott — treblåseinstrument, munnspel
- Robben Ford — elektrisk gitar
- Larry Nash – piano
- Max Bennett — bass
- John Guerin — trommer, perkusjon
- Teknisk
- Henry Lewy – sound lydteknikar, miksing
- Ken Caillat – assisterande lydteknikar
- Anthony Hudson – kunstnarisk leiar
- Mobil innspeling: Wally Heider Recording
- med Jack Crymes, Biff Dawes
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads