Crying av Roy Orbison

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Crying» er ein ballade skriven av Roy Orbison og Joe Melson og framført av Orbison.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Komposisjon

Dave Marsh kallar songen ein «rock-bolero» med «strykarar, hamrande pauker, eit spøkjelsesaktig kor, lett klimprande gitar og eit hit av marimba».[1] Medverkande på den originale innspelinga til Orbison var dei faste studiomusikarane hans Bob Moore på bass, Floyd Cramer på piano, Buddy Harman på trommer og Boudleaux Bryant, Harold Bradley & Scotty Moore på gitar.

Allmusic skreiv om songen: «Ikkje under noko omstende må ein finne på å lytte til Roy Orbison sin 'Crying' om ein er sjølv eit snev deprimert. Sorga, angeren og den evige fordømminga til eit liv drukna i tårer som Orbison på levande vis tilbyr med vokalbravur som tar pusten frå ein, kan bli så overveldande at ein kan få seg til å gjere slutt på alt saman. For meir stabile typar er 'Crying' rett og slett ein vakker, men hjarteskjerande ballade som opnar med ein harmlaus rytme på tom-tommar og akustisk gitar, og byggjer seg gradvis opp med strykarar og ein stor dose melodramatisk intensitet til eit klimaks av aldeles rystande proporsjonar. Orbison bankar inn ein makelaus høg tone på slutten.»[2]

Remove ads

Utgjeving og mottaking

Songen vart gjeven ut som singel av Monument Records i juli 1961 og nådde førsteplassen på Cashbox-lista i USA den 7 . oktober 1961. Han nådde andreplassen på den rivaliserande Billboard Hot 100-lista. Trass i at han ikkje nådde toppen av lista, rangerte Billboard songen som den fjerde beste for 1961.[3]

I 1987 spelte Orbison inn songen på ny som ein duett med K.D. Lang som ein del av filmmusikken til Hiding Out. Dette samarbeidet gav dei ein Grammy-pris for beste country-samarabeid med vokal. Duetten vart ein mindre hitt i USA og nådde 42. plassen på Hot Country Singles-lista,[4] men vart ein langt større hit i Storbritannia i 1992, då han nådde 13. plassen på UK Singles Chart.

I 2002 fekk «Crying» plass i Grammy Hall of Fame Award. I 2004 rangerte Rolling Stone Magazine songen på 69. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den oppdaterte lista i 2010 hadde songen same plasseringa.

Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1961), Plassering ...

Andre versjonar

  • I 1962 gav Waylon Jennings ut sin versjon (med «Dream Baby (How Long Must I Dream)») for BAT Records som ein av dei første singlane hans.
  • Del Shannon spelte inn songen i 1964 for albumet Handy Man.
  • Ein versjon av Jay and the Americans nådde 25. plassen i USA i 1966.
  • Dottie West spelte inn songen i 1968 på albumet What I'm Cut Out to Be.
  • Lynn Anderson spelte inn songen i 1968 på albumet Big Girls Don't Cry.
  • B.J. Thomas spelte inn songen i 1975 for albumet Reunion
  • Don McLean spelte inn songen og nådde 5. plassen på Hot 100 med versjonen sin tidleg i 1981,[5] 2. plassen på Adult Contemporary, 6. plassen på countrylista og førsteplassen på UK Singles Chart.[6] Han kom først ut i 1978 på albumet Chain Lightning.
  • Den brasilianske duoen Chitãozinho & Xororó framførte ein portugsiskspråkleg versjon av songen kalla «Lágrimas» i 1998 på albumet Na Aba do Meu Chapéu.
  • Gene Pitney hadde med songen i 1999 på albumet album Gene Pitney Sings Great Ballads.
  • Rebekah Del Rio framførte ein acappella spanskspråkleg versjon av songen kalla «Llorando» i David Lynch-filmen Mulholland Drive i 2001.[7]
  • Den belgiske songaren Dana Winner spelte inn ein versjon i 2002 på albumet Unforgettable Too
  • Den sørafrikanske songaren Nicholis Louw framførte songen i 2004.[8]
  • I 2007 gav Billy Gilman songen ut på singel.
  • Clay Aiken spelte inn songen med Linda Eder i 2010 på albumet Tried and True.
  • La India spelte songen i salsastil i 2010 på albumet Unica.
  • Il Divo song songen i 2011 på albumet Wicked Game.
  • Austra spelte inn ein versjon i 2011 for deluxe-utgåva av albumet Feel It Break.
  • Billy Joe Royal spelte inn songen.
  • Tre andre countryversjonar har gått inn på countrylistene gjennom åra:
Remove ads

I andre media

  • Mitt Romney nemnde songen som ein av favorittsongane hans i mars 2012.[12]
  • I 2011 var «Crying» med i den amerikanske komedien 50/50.[13]
  • «Crying» vart nytta i ein episode av Only Fools and Horses.
  • «Crying» er med i den australske TV-filmen Small Claims
  • «Crying» vart nytta i filmen Gummo.
  • «Llorando» vart nytta i avslutninga av Prison Break, sesong 3, og i ein kjend scene i Mulholland Drive.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads