DJ av David Bowie
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«DJ» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut i 1979 på albumet Lodger, og så på singel 29. juni 1979.
Songen er ein kynisk kommentar til kulten kring DJ-ar og har ein gitarsolo av Adrian Belew, som vart spelt inn i fleire forsøk og så miksa i lag for albumet. I ein biografi om Talking Heads vert det sagt at Bowie på denne songen prøvde å syngje som David Byrne, som var i ferd med å bli ven med Brian Eno på den tida.
Singelen var ei kortare utgåve av songen, men han var framleis for ukommersiell til å gjere det særleg bra og nådde berre 29. plass i Storbritannia og 106. plassen på Billboard Bubbling Under the Hot 100-lista i USA.[1]
Songen vart framført på konsert av Bowie for første gong på Outside-turneen i 1995.
Remove ads
Innhald
- «DJ» (Bowie, Eno, Alomar) – 3:20
- «Repetition» (Bowie) – 2:59
Benny Benassi-remiks
- «DJ (David Bowie vs. Benny Benassi)» – 2:35
- «DJ (David Bowie vs. Benny Benassi)» (extended) – 6:19
Medverkande
- Produsentar:
- Musikarar:
- David Bowie: vokal, Chamberlin, piano
- Adrian Belew: gitar
- Carlos Alomar: gitar
- George Murray: bassgitar
- Dennis Davis: trommer
- Simon House: fiolin
- Brian Eno: synthesizer på «Repetition»
Musikkvideo
David Mallet regisserte ein video for songen, der Bowie øydelegg eit DJ-studio, miksa med Bowie som vandrar kring i London og tiltrekkjer seg folk som passerer forbi.
Andre utgjevingar
- Songen finst på samlealbuma:
- Chameleon (Australia/New Zealand 1979)
- ChangesTwoBowie (1981)
- Fame and Fashion (1984)
- The Singles Collection (1993)
- The Best of 1974/1979 (1998)
- Best of Bowie (US/Canada 2002)
- The Platinum Collection (2005/2006)
- Songen vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet.
- Singelutgåva av songen kom ut på Re:Call 3, ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) (2017).[2]
Remove ads
Andre versjonar
- Danny Michel - Loving the Alien: Danny Michel Sings the Songs of David Bowie (2004)
- Momus - Turpsycore (2015)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads