Outside-turneen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Outside-turneen var ein konsertturné av den engelske rockemusikaren David Bowie, som opna i september1995 og varte i fem månader. Opningskonserten gjekk før albumet 1. Outside kom ut, som turneen er kalla opp etter. Turneen vitja Nord-Amerika og Europa. and Europe.
På den amerikanske turneen delte Bowie scene med Nine Inch Nails, som overlappa konserten til Bowie og danna eit samanhengande show. Morrissey var oppvarmingsartist for den europeiske delen av turneen, men trekte seg etter ni konsertar. På utvalde konsertar framførte Reeves Gabrels songar frå albumet The Sacred Squall of Now i tillegg til at han spelte med Nine Inch Nails og David Bowie.
Offisielle konsertopptak frå turneen, Ouvre le Chien (Live Dallas 95) kom ut i juli 2020 og No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) i desember 2020.
I ei lesarundersøking i Rolling Stone i 2012 vart turneen (Nine Inch Nails med Bowie) kåra til ein av dei 10 beste oppvarmingsartistane i rockehistoria.[1]
Remove ads
Turnéhistorie
Dei første øvingane vart gjort i Complete Music Studios New York før dei flytta til Mullins Center, der Nine Inch Nails vart med på øvingane.[2]
Det var den første turneen til Bowie etter at han la dei største hittane sine på hylla etter Sound+Vision-turneen (1990). Bowie sa «Me kjem til å spele nokre eldre songar, men ingen opplagte ting. Eg fann ut under øvinga at eldre songar eg ikkje har spelt på ei stund passa fint inn med dei nye songane - ting som ... 'Joe the Lion'. Så eg ser fram til det.»[3] Andre songar frå katalogen til Bowie som han spelte på turneen var mellom andre «Scary Monsters (and Super Creeps)», «Look Back in Anger», «Andy Warhol» og «Breaking Glass».[4]
Bowie snakka om kvifor han valde å turnere med Nine Inch Nails: «Eg personleg likte kombinasjonen av NIN og meg, men fansen min gjorde det ikkje. Uflaks!! Det var òg eit ekstremt ungt publikum, mellom omtrent 12 og 17 år gammalt. Utgangspunktet mitt var ganske enkelt: Eg har nettopp laga eit eventyrleg album, kva kan eg gjera no for å gjera konsertane eventyrlege. Når eg såg på det, verka det logisk å konfrontera meg sjølv med NIN-publikummet. Eg visste at det ville vera vanskeleg å fanga dei med musikk dei aldri har høyrt, av ein artist som dei berre visste namnet på.»[5]
Trent Reznor har fleire gonger sagt at han var kraftig inspirert av David Bowie,[6] og arbeidde med Bowie på ein remiks av «The Hearts Filthy Lesson» og seinare av singelen «I'm Afraid of Americans» i 1997. Då han vart spurt i 1995 om albumet Outside var inspirert av Nine Inch Nails, svarte Bowie , «bandet som eg faktisk var ganske inspirert av var tre karar frå Sveits kalla The Young Gods ... eg kjende til dei før eg vart klar over Nine Inch Nails.»[7]
Remove ads
Kulssar og kostyme
For turneen gjekk Bowie for eit smålåte scenedesign med somme bannerar og mannekengar, og unngjekk den teatralske presentasjonen frå dei tidlegare turenane som Glass Spider-turneen i 1987 og Sound+Vision-turneen i 1990.[4] Scenen «likna ein anleggsområde med krøllete laken med malingflekkar draperte rundt scenen», og eit gammaldags bord og stol i det eine hjørnet, som Bowie stundom klatra på under konertane.[2]
Bowie hadde eit par kostyme for turneen, som varierte mellom Europa og USA, inkludert tre jakkar designa av Alexander McQueen.[2]
Remove ads
Hendingar
Bowie opna eit intervju for turneen med USA Today på opningsdagen for turneen, den 14. september 1995 med spørsmålet «Korleis gjer du kommersielt sjølvmord? Vel, du gjer dette: spel songar frå eit album som ikkje er komen ut enno, og kompletter det med obskure songar frå fortida som du aldri har gjort på scenen før.»[8]
Under turneen, då Nine Inch Nails kom til slutten av sin konsert, spelte dei to banda i lag med både Nine Inch Nails og Bowie og bandet hans som spelte «Subterraneans», «Hallo Spaceboy» og «Scary Monsters (and Super Creeps)», etterfølgd av dei to Nine Inch Nails-songane «Reptile» og «Hurt» før Bowie fortsette konserten aleine.[6]
Tidleg på turneen var nesten «100 % av publikum der for å høyre Nails», noko som var utfordrande for Bowie, som sa «Dei første vekene måtte me tilpasse oss kjenslemessig til det faktum at me skulle bli utfordra kvar kveld for å synkronisere med kva folk kom til showet for. Men så byrjar du å innsjå at om du skal fortsette, er det betre å nyte det du gjer. Jo meir me gjorde det, jo meir kommuniserte det til publikum. Slik gjekk det frå overleving til å vere ein god turné.»[9]
Bowie signerte eksemplar av albumet sitt på ein lokal platebutikk i New York den 26. september 1995.[2]
Morrissey var meint å vere oppvarmingsartist for den europeiske delen av turneen, men slutta brått og uventa like før konserten i Aberdeen den 29. november 1995.[10] Oppvarmingsartiane vart dermed The Gyres, Echobelly, musikkgruppa PlaceboPlacebo, Electrafixion (med Ian McCulloch) og ulike lokale band.
Turnéband
- David Bowie – vokal
- Reeves Gabrels – gitar
- Carlos Alomar – gitar, korvokal
- Gail Ann Dorsey – bassgitar, vokal
- Zack Alford[11] – trommer
- Mike Garson – piano
- Peter Schwartz – synthesizer, musikalsk leiar
- George Simms – korvokal, klaverinstrument
Konsertar
Remove ads
Songar
Frå The Man Who Sold the World Frå Hunky Dory Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Frå Ziggy Stardust: The Motion Picture
Frå Diamond Dogs Frå Low
Frå "Heroes" Frå Lodger
|
Frå Scary Monsters (and Super Creeps)
Frå Outside
Andre songar:
|
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads