A New Career in a New Town (1977–1982)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
A New Career in a New Town (1977–1982) er ein plateboks av den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 29. september 2021.[1][2] Det er ein oppfølgjar til samleplata Five Years (1969–1973) og Who Can I Be Now? (1974–1976), og dekkjer karrieren til Bowie frå 1977 til 1982, inkludert «Berlintrilogien» hans, fordelt på 11 CD-plater og 13 LP-plater. Ei eksklusiv plate i boksen er ein Heroes-EP, som består av alle versjonane av songen hans «Heroes» på ulike språk, ein ny versjon av Lodger (1979), remiksa av medprodusenten Tony Visconti, og Re:Call 3, ei samleplate av singlar, singelversjonar og B-sider. Boksen inneheld òg EP-en Baal (1982) på CD for første gongen.[3]
Boksen inneheld òg ommastra utgåver av Low, “Heroes”, Lodger (i original miks), Stage (i original og 2017-versjon), og Scary Monsters (and Super Creeps).
Samlinga kom med ei bok med bilete tekne av Anton Corbijn, Helmut Newton, Andrew Kent, Steve Schapiro, Duffy og mange andre, i tillegg til historiske pressemeldingar og tekniske skriv om albuma frå produsenten Tony Visconti.[4]
Remove ads
Kritikk
Plateboksen vart kritisert av både fans og kritikarar, inkludert Henry Rollins,[5] sidan det var gjort større endringar i musikken i mikse- og master-prosessen av Visconti.[6]
Ei volumendring i songen “Heroes” vart særskild lagt merke til, noko som Parlophone svarte var gjort med vilje og ikkje mogeleg å endre,[7] på grunn av skadar på dei originale masterlydbanda. Etter at dei kritiske røystene ikkje gav seg, vart det publisert ei melding på den offisielle nettsida til Bowie der det vart annonsert erstatningsplater for “Heroes” på CD og LP.[8] Tilbodet om erstatningsplate varte fram til juni 2018.[9] Den endra masteren på erstaningsplata vart nytta for enkeltutgjevingane av “Heroes” på CD og LP tidleg i 2018.[10]
Remove ads
Innhald
Alle songane på albuma er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.
Low (2017-master)
“Heroes” (2017-master)
“Heroes” EP
Stage (originalversjon) (2017-master)
Stage (2017-versjonen)
Lodger (2017-master)
Lodger (Tony Visconti 2017-miks)
Scary Monsters (and Super Creeps) (2017-master)
Re:Call 3 (ommstra spor)
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads