D mol

From Wikipedia, the free encyclopedia

D mol
Remove ads

D mol, òg skrive D-moll[1], er eit montenegrinsk vokalensemble, beståande av Tamara Vujačić, Mirela Ljumić, Ivana Obradović, Rizo Feratović, Željko Vukčević og Emela Franca. Gruppa vart kjend i Montenegro i februar 2019, då ho vann den nasjonale songtevlinga Montevizija med songen «Heaven». Gruppa representerte Montenegro i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[2]

Kjappe fakta Aktiv, Sjanger ...
Remove ads

Bakgrunn

D-moll vart sett saman i 2018 av musikaren Daniejl Alibabić. Han representerte Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest 2005 som del av gruppa No Name.

18. desember 2018 kunngjorde kringkastaren RTCG at D-Moll var ein av deltakarane til Montevizija 2019, det montenegrinske uttakinga til Eurovision Song Contest. Gruppa framførte bidraget «Heaven», opphavleg kalla «Ti», i finalen laurdag 9. februar 2019.[2] Der vann ho superfinalen med 68 prosent av telefonrøystene, og fekk dimed representere Montenegro i Eurovision Song Contest i Israel i mai.[3] Gruppa enda på 16. plass i den fyrste semfinalen tysdag 14. mai og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads