Heaven av D mol

From Wikipedia, the free encyclopedia

Heaven av D mol
Remove ads

«Heaven» (norsk 'himmelen') er ein song frå 2019 som vert framført av den montenegrinske vokalgruppa D mol. Songen vann den montenegrinske songtevlinga Montevizija og var det montenegrinske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Thumb
D mol framfører «Heaven» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.
Remove ads

Om songen

18. desember 2018 kunngjorde kringkastaren RTCG at «Heaven» var blant bidraga til songtevlinga Montevizija 2019, den montenegrinske uttakinga til Eurovision Song Contest. Songen var opphavleg kalla «Ti», men fekk engelsk tekst og tittelen «Heaven» før finalen laurdag 9. februar 2019.[1]

Gruppa D mol, som var sett saman for høvet, framførte songen. I Montevizija vann gruppa superfinalen med 68 prosent av telefonrøystene, og «Heaven» vart dimed det montenegrinske bidraget i Eurovision Song Contest i Israel i mai 2019.[2]

Eurovision Song Contest

I januar 2019 vart Montenegro trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Montenegro hadde startnummer 2.[3] «Heaven» enda på ein 16. plass i sin semifinale, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads