Dear Prudence
song av The Beatles From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Dear Prudence» er ein song skriven av John Lennon (men tilskriven Lennon/McCartney) som vart framført og utgjeven 22. november 1968 av The Beatles på dobbeltalbumet deira The Beatles (òg kalla White Album).
Remove ads
Bakgrunn
Då The Beatles og kjende av dei var på meditasjonskurs i Rishikesh i India, vart det laga ein del songar, mellom andre «Dear Prudence». Songen handla om Prudence Anne Villiers Farrow (veslesystera til Mia Farrow). Under opphaldet i Rishikesh var det sjeldan at Prudence kom ut av meditasjonshytta si. Dette varte heile tre veker. Lennon og George Harrison klarte til slutt å overtale henne til å kome ut.[2]
Remove ads
Innspeling
«Dear Prudence» vart spelt inn 28-30. august 1968 i Trident Studios i London. Ringo Starr hadde forlate gruppa nokre dagar tidlegare på grunn av mistrivsel, men kom attende kort tid seinare. Derfor tok Paul McCartney på seg jobben bak trommesettet. På ei av innspelingsdagane hadde McCartney vitja av fetteren sin John som fekk lov å bidra med kor og handklapping.[3]
Medverkande
Den komplette lista av medverkande:[4][5][6]
- John Lennon – vokal, korvokal, rytmegitar
- Paul McCartney – korvokal, trommer, bassgitar, piano, flygelhorn, tamburin, kubjølle, klapping
- George Harrison – korvokal, rytmegitar,[7] sologitar, klapping
- Mal Evans – korvokal, klapping
- Jackie Lomax – korvokal, klapping
Andre versjonar
Det engelske post-punkbandet Siouxsie and the Banshees gav ut ein versjon av songen på singel i 1983, som vart den største britiske hitten deira, ein tredjeplass på UK Singles Chart.[8]
Sonen til John Lennon, Sean Lennon gav ut ein coverversjon av «Dear Prudence» i Japan i 1991.
Det norske bandet Prudence tok bandnamnet sitt frå denne songen.[9]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads