Melt!
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Melt!» er ein song av det engelske post-punk-bandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut i 1982 på Polydor som ein dobbel A-side-singel med songen «Il Est Né, Le Divin Enfant» og var den andre og siste singelen frå det femte studioalbumet deira, A Kiss in the Dreamhouse. B-sida var ikkje med på dette albumet.
Remove ads
Innhald
Den sensuelle teksten på «Melt!» samanliknar eit intenst seksuelt samspel med ein kjæraste med det å døy. Teksten kan òg syne til eit S&M-møte («...Handcuffed in lace, blood and sperm / Swimming in poison / Gasping in the fragrance / Sweat carves a screenplay / Of discipline and devotion...»).
Dave Morrison i Select observerte at «det Baudelaire-aktige bilete på 'Melt' framkallar klaustrofobiske lukter av opium, sex og sjuke blomar, og glir over i dødelegheit med linjer som 'You are the melting man and, as you melt, you are beheaded'».[1]
«Il est né, le divin Enfant» var ein versjon av ein tradisjonell, fransk julesong. Dette sporet kom berre ut på denne singelen og kom verken ut på CD eller LP før Siouxsie and the Banshees-boksen Downside Up i 2004.
Remove ads
Utgjeving
«Melt!» kom ut 26. november 1982 som ei dobbel-A-side på Polydor. Singelen nådde 49. plassen på UK Singles Chart.[2]
Innhald
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads