December’s Children (And Everybody’s)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

December's Children (and Everybody's) er det femte amerikanske studioalbumet til The Rolling Stones, gjeve ut i desember 1965. Sjølv om det hovudsakleg består av songar som vart gjevne ut tidlegare det året i Storbritannia, har det òg tre songar som ikkje var gjevne ut før. Det var det siste av dei tidlege albuma til gruppa som hovudsakleg består av songar skrivne av andre enn Mick Jagger og Keith Richards, som skreiv halvparten av songane. Det meste av albumet vart spelt inn i september 1965 i Los Angeles, under innspelinga av den britiske utgåva av Out of Our Heads og den nye singelen «Get Off of My Cloud». December’s Children (And Everybody’s) inneheld òg innspelingar frå så tidleg som 1963.

Meir informasjon Amerikansk The Rolling Stones-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

December's Children (And Everybody's) nådde fjerdeplassen i USA, der det selde til gullplate..[3] Bassisten Bill Wyman siterte Jagger som i 1968 skal ha sagt at plata «ikkje er eit album, berre ei samling av songar». Albumet får derfor berre kort omtale i boka til Wyman, Rolling with the Stones, som elles er omfattande om kvart album.

I august 2002 kom albumet ut på nymastra CD og SACD av ABKCO Records. «Look What You've Done» er den einaste innspelinga på albumet som vart gjeven ut i sann stereo.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

The Rolling Stones

  • Mick Jagger – solovokal (alle spor), korvokal (1, 2, 7, 8, 10, 11), tamburin (10)
  • Keith Richards – elektrisk gitar (alle utanom 9), korvokal (1, 2, 5-8, 10-12), akustisk gitar (5, 9)
  • Brian Jones – elektrisk gitar (1, 2, 5-8, 11), munnspel (4, 12), akustisk gitar (3), orgel (8), elektrisk piano (7), korvokal (3)
  • Bill Wyman – bassgitar (alle utanom 9), korvokal (3)
  • Charlie Watts – trommer (alle utanom 9)

Andre medverkande

  • Ian Stewart – piano (2, 4, 7)
  • Mike Leander strykearrangement (9)
Remove ads

Salslister

Vekeslister

Meir informasjon År, Liste ...

Singles

Meir informasjon År, Single ...

Salstrofé

Meir informasjon Country, Provider ...

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads