Delay 1968
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Delay 1968, eller berre Delay (som SACD-versjonen heiter) er eit samlealbum med dei tidlegaste opptaka til Can med songaren Malcolm Mooney. Han inneheld mellom anna songen «Thief», som sidan vart spelt av Radiohead.[2]
Holger Czukay har sagt at Delay 1968 opphavleg var tenkt som det første albumet til bandet og skulle hatt tittelen Prepared to Meet Thy PNOOM («Pnoom» er namnet på det andre sporet på albumet, ein 27 sekund lang saksofoninstrumental, spelt inn som ein del av deira Ethnological Forgery Series). Då ingen plateselskap ville gje ut plata, valde Can å spele inn eit meir tilgjengeleg album. Dette vart debutalbuma deira Monster Movie i 1969.[3] Delar av Delay 1968 sirkulerte som piratkopiplater i fleire år under namnet Unopened, og inneheldt andre songar spelt inn under dei same innspelingane. Desse kom sidan ut på andre samlealbum.[4]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Can
Medverkande
- Holger Czukay – bass
- Michael Karoli – gitar
- Jaki Liebezeit – trommer, perkusjon
- Irmin Schmidt – klaverinstrument
- Malcolm Mooney – vokal
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads