Sound+Vision-turneen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sound+Vision-turneen var ein konsertturné i 1990 av den engelske musikaren David Bowie. Han vart marknadsført som ein «greatest hits»-turné der Bowie indikerte at det var siste gongen han kom til å spele dei mange hittane sine på konsertane sine. Turneen opna i Colisée de Québec i Quebec City i Canada den 4. mars 1990 og vart avslutta på River Plate stadion i Buenos Aires i Argentina 29. september 1990, og gjekk over fem kontinent i løpet av sju månadar. Det var den lengste turneen til Bowie til då og bestod av 108 konsertar fordelt på 27 land.
Édouard Lock frå La La La Human Steps var kunstnarisk leiar for turneen.
Remove ads
Historie
Den førre turneen til Bowie, Glass Spider-turneen og dei to siste albuma hans (Tonight (1984) og Never Let Me Down (1987)) hadde alle blitt slakta av kritikarane, og Bowie såg etter ein måte å revitalisere seg sjølv kunstnarisk.[1] Bowie kom derfor til konklusjonen om at han ikkje ønskte å spele dei gamle hittane sine meir på konsertane og brukte plateboksen Sound + Vision som drivkrafta bak turneen, trass i at han ikkje hadde nokre nytt materiale spelt inn.[2][3][4] Bowie tok ein pause frå bandet sitt Tin Machine for «Sound+Vision», og sa til bandet at han ein kontrakt å oppfylle for å gjere denne turneen. Han inviterte med seg bandkollegaen og gitaristen Reeves Gabrels på turneen, men Gabrels avslo og føreslo i staden Adrian Belew, som både Gabrels og Bowie hadde arbeidd med før. Gabrels ringde Belew og sa «'Eg har ein ven som skal på turné og han treng ein gitarist. Han spurte meg og eg kan ikkje, men eg tenkte kanskje du vil' og så gav eg røyret til David.»[5]
Det vart sagt at Bowie aldri kom til å spele dei største hittane sine på turné igjen.[6][7][8][9] Bowie sa «å vete at eg aldri kjem til å ha desse songane til å stole på igjen, får meg til å fortsette å gjere nye ting, noko som er bra for ein artist,»[10] og seinare, «Eg har ingen intensjonar om å mekaniske repetere mine eigne songar, som er slik det endar å bli etter at du har gjort det i 20 år. Du kan ikkje gjere det med meir entusiasme. Eg bryr meg ikkje kom kven du er, du kjem til eit punkt der du ikkje liker å syngje songen lenger.»[11]
Bowie såg fram til å skrinleggje dei gamle hittane sine og sa «Det er tid på å leggje kring 30-40 songar i skuffa og det er intensjonen min at dette vil bli siste gongen eg spelar desse songane, fordi eg vil ha ein pause frå det eg har gjort fram til no, eg må gjere det kortfatta og ikkje ha det som ein vane å falle attende. Det er så lett å fortsette og sei, vel, du kan stole på desse songane, du kan stole på det for å ha ein karriere eller noko slikt og er eg ikkje sikker på at eg vil ha det.»[3]
Han sa i eit anna intervju på den tida «Eg vil avslutte den gamle fasen og starte på nytt. Når eg er i slutten av førtiåra, vil eg ha bygt opp eit heilt nytt repertoar.»[4]
Ein merka seg at Bowie er «kjent» for å ha hevda å trekkje inn årene tidlegare, så mange kritikarar og observatørar trudde ikkje heilt på Bowie då han sa at han ikkje ville spele desse songane igjen.[3][6][10][12][13]
Bowie brukte starten av 1990 på å førebu turneen i ein øvingshall på vestsida av Manhattan.[3]
Remove ads
Songutval
Det vart annonsert at setlista for kvar av konsertane på turneen skulle delvis avgjerast av at folk kunne ringje inn og stemme på kva song dei ville høyre[6] by calling the number 1-900-2-BOWIE-90.[2] Pengane som kom inn frå telefonsamtalane til 1-900-nummeret vart donerte til to veldedige føremål, Save the Children og ein organisasjon i Brixton.[14] Poststemmer vart gjort tilgjengelege i område der telefonteknologien ikkje var tilgjengeleg.[9]
Bowie laga faktisk setlista for turneen frå desse innringingane frå heile verda og sa «Eg enda opp med å ta kring sju eller åtte songar frå innringarane i England, sju eller åtte til frå resten av Europa og resten frå Amerika, så det er ei godt utval av det alle ønskte på alle kontinenta.»[2] Den første konserten på turneen var i mars 1990 i Canada før alle telefonstemmene var komen inn, så Bowie gjetta seg fram til kva publikum ønskte å høyre.[15]
I USA toppa songane «Fame», «Let's Dance» og «Changes» lista over songar som fansen ønskte, medan i Europa var det songane «Heroes» og «Blue Jean» som var mest etterspurt.[6]
NME køyrde ein kampanje, Just Say Gnome, i eit forsøk på å få «The Laughing Gnome» inkludert på setlista.[2][16] Bowie hadde vurdert å spele «The Laughing Gnome» «i same stil som The Velvets eller noko slikt» før han fann ut av avstemninga var blitt sett i stand av musikkmagasinet.[2]
Remove ads
Scenografi
Édouard Lock (frå La La La Human Steps) var kunstnarisk leiar for turneen.[10] Bowie hadde opphavleg ønskt å ha La La La Human Steps med seg på Glass Spider-turneen, men dei var då opptekne med andre oppgåver.[2][3] Etter den negative kritikken den førre soloturneen hans hadde fått, ønskte Bowie å vere sikker på at Sound+Vision-turneen vart annleis. Han sa «Det vil bli iscenesett; det er ingen måte eg nokon gong kunne tenke meg å verkeleg sette noko på scenen som ikkje har litt theatah ('teater' med ein tjukk britisk aksent) i seg, men det vil ikkje vere openlyst teater. Å gå tilbake til måten vi jobba mot Station to Station-turneen, som i utgangspunktet var eit spørsmål om å bruke ei slags brechtiansk lysflate og arbeidsområde og lysatmosfærar, er i stor grad den kjensla eg er ute etter.»[3] Bowie heta inn Willie Williams for å designe lysa for turneen, etter å ha arbeidd med han på Tin Machine-turneen året før.[17]
Han la til at denne turneen ikkje «er i nærleiken like ambisiøs som Glass Spider, men kvalitativt er det i røynda like teatralsk tenkjer eg.»[9]
I tillegg til den kraftige belysninga og eit fire manns rockeband, nytta Bowie eit nytt verktøy for denne turneen.: ein enorm 60x40 fot gjennomsiktig skjerm eller teppe av eit gasbind-liknande materiale.[15] Teppet vart senka føre eller bak Bowie,[2] og det vart projisert bilete av Bowie og videoar på skjermen.[6][7][10] Bowie skildra det som «eit enormt javanesisk skugge-dokketeater til tider.»[2] To store, runde skjermar på kvar side av scenen synte òg videoane som vart projiserte på teppet.[15]
Settet vart bygt av 80 arbeidarar som reiste med turneen, i tillegg til at dei fekk hjelp av lokale arbeidarar som vart leigd inn i kvar by. Ein måtte ha åtte lastebilar for å flytte eit enkelt sett (i tillegg til fire bussar for arbeidarane), og det tok ni timar å sette opp og fire timar å ta ned kvar kveld.[18]
Videoopptak av Louise Lecavalier frå La La La Human Steps som dansar til musikken og bilete av Bowie som syng, spelar instrument, mimar og liknande til visse songar vart synte på teppet og skjermane under konserten.[2][3] På somme konsertar, som i Montreal den 6. mars 1990, dansa somme av dansarane frå La La La Human Steps på scenen til somme av songane.[15] Bowie var entusiastisk til å ha med seg dansarar på turneen: «Du har aldri set noko slik som dei før. Dei er truleg den leiande avantgarde dansetruppen i Nord-Amerika. Louise Lecavalier, stjerna deira, er ikkje som noko anna du har sett nokon gong på scenen. Ho er heilt fenomenal. ... Dansetruppen er utruleg. Det er der punk og ballett kræsjar saman.»[19]
Remove ads
Fame '90
Utan nytt materiale i samband med turneen gav Bowie ut ein oppdatert remiks av singelen «Fame» frå 1975, kalla «Fame '90». Han ønskte å lage ein remiks av dei mest suksessrike amerikanske singlane, og «Let's Dance» vart vurdert, men vart avvist av Bowie fordi han ikkje var så gamal.[9] For musikkvideoen dansa han med Louise Lecavalier, ein av hovuddansarane i La La La Human Steps.[7] Ein remiks av songen vart så nytta i filmen Pretty Woman (1990), og den amerikanske versjonen av videoen erstatta somme av scenane i musikkvideoen med scenar frå filmen.[8]
Remove ads
Konsertopptak
Bowie ønskte å gjere konsertopptak av turneen, noko han ikkje alltid hadde gjort før og sa «Det er meininga å filme turneen for ettertida. Eg håpar me får det til. Eg angra alltid på at me ikkje filma ting som 'Diamond Dogs'-showet. Me filma heller aldri 'Station to Station'-showet. Eller 'soul'-showet med Dave Sanborn og dei karane. Eg har absolutt ingen filmklipp av dei greiene. Det er forferdeleg. Det er irriterande.»[10]
Trass i dette finst det ingen offisielle opptak av showet som er gjeve ut offentleg verken på plate eller video. Ei rekkje av konsertane vart filma og spelte inn for fjernsyns- og radiosendingar:
Dato | Stad | Kringkasting |
16. mai 1990 | Tokyo Dome | |
5. august 1990 | Milton Keynes Bowl | BBC Radio 1 |
14. september 1990 | Estádio José Alvalade | RTP1 |
20. september 1990 | Sambodromo de Rio – Rio de Janeiro | Rede Globo |
23. september 1990 | Estadio de Palmeiras – São Paulo | Radio Transamérica |
27. september 1990 | Rock in Chile Festival – Estadio Nacional de Chile | |
Remove ads
Mottaking
Rolling Stone skildra sommarkonsert-sesongen i 1990 som «ein konsertsesong å hugse», og nemnte Sound+Vision-turneen som eit av høgdepunkta. Dei sa «Louise Lecavalier frå Montreal-truppen La La La Human Steps tilbyr avantgarde akrobatikk, og fleire songar er pryda med fantastiske kortfilmar, inkludert eit klipp for «Ashes to Ashes» ein må sjå for å tru. Elles er det ingen pyroteknikk, ingen laserstrålar og best av alt, ingen glas-edderkoppar,»[7] sistnemnde ein referanse til den førre verdsturneen til Bowie. Ei melding av ein av dei tidlege konsertane i Rolling Stone var positiv og sa «Bowie viste seg i stand til å vinne attende praktisk talt heile sitt mangfaldige verk - sjølv dei songane som no verkar lengst frå han - gjennom ren vokalkraft og karisma» og klaga berre over at «bandet ikkje alltid var like på høgda, og viste for mykje respekt for dei originale arrangementa til songane.»[15] Ei melding av konserten i Vancouver i BC sa at «Bowie ikkje har høyrt så bra ut på mange år», og berømma at turneen ikkje berre fokuserte på songane, men på Bowie sjølv,[20] og ei melding av konserten i Seattle kalla det visuelle «ein knockout» og roste Bowie som ein nyskapar, og klaga berre over at musikken i seg sjølv verka «mekanisk.»[21]
Sjølv om somme av konsertane i Nord-Amerika ikkje var utselde, som i Seattle og somme konsertar i Florida, var det likevel gode publikumstal. Det var ofte utseld, ofte over fleire kveldar, i byar som San Francisco, Sacramento, Philadelphia og Detroit.[22]
Den britiske konserten i Milton Keynes Bowl fekk negativ omtale av Melody Maker, som kalla delar av framsyninga «flat» og avskreiv songen «Pretty Pink Rose» som «ein stor haug med møkk.»[23]
Remove ads
Hendingar
Halvvegs i turneen fekk Bowie, Erdal Kızılçay og gitaristen Adrian Belew med seg bluesartisten Buddy Guy i Chicago for ei framsyning på NAMM Expo '90, som feira Guy.[24]
Ein månad seinare i Philadelphia, stoppa Bowie framføringa i midten av songen «Young Americans» for å snakke mot musikksensur, særskild på grunn av kontroversen kring 2 Live Crew-albumet As Nasty As They Wanna Be, og sa «Eg har lytta til albumet av 2 Live Crew. Det er ikkje det beste albumet som er laga, men når eg høyrde dei bannlyste det, drog eg ut og kjøpte det. Tankefridom, ytringsfridom – det er noko av det viktigaste me har.»[25]
Under konserten i Modena, stoppa Bowie framføringa i midten av «Station to Station» og sa på scenen «Ok, eg må velje enklare songar, eller så kjem eg ikkje til å kome gjennom halvparten av desse... La oss prøve 'Fame'.» før Bowie tok gitaren sin og kasta han til den andre sida av scenen..[26] Det er sagt at Bowie var forkjølt og vart frustrert over korleis det påverka røysta hans.
Remove ads
Statistikk
Turneen opna i Colisée de Québec i Quebec City[3] den 4. mars 1990 og vart avslutta i Buenos Aires i Argentina 29. september 1990, og gjekk over fem kontinent i løpet av sju månader.[2][4] Turneen var lengre enn dei tidlegare Serious Moonlight- og Glass Spider-turneane og bestod av 108 konsertar fordelte på 27 land. For dei ti konsertane i Storbritannia aleine var det estimert eit samla publikumstal på 250 000.[27] Turneen vart estimert til å ha tent inn 20 millionar amerikanske dollar.[28]
Remove ads
Etterverknad
Bowie kjende at ei byrde hadde blitt løfta ved å trekke attende dei gamle hittane han kjende seg tvungen til å framføre, og sa at «det var ein veldig egoistisk ting å gjere, men det gav meg ei enorm kjensle av fridom, å føle at eg ikkje kunne stole på nokre av desse tinga. Det er som om eg nærmar meg alt frå grunnen av no, og begynner med 'Ok, me veit kva songar me ikkje treng å gjere lenger. Kva i fortida mi likte eg eigentleg?' Du vel ting som var verkeleg gode songar, og du prøver å rekontekstualisere dei ved å gje dei noverande, samtidige rytmar. Og vi har leika med tankar kring 'Shopping for Girls' frå Tin Machine, 'Repetition' og 'Quicksand' frå Hunky Dory. Enkelte songar som eg truleg aldri har framført på scenen. Dei står skulder til skulder med det nye materialet, og eg byrjar å sjå kontinuitet i måten eg jobbar på.»[29]
Generelt vart dei fleste songane Bowie spelte på denne turneen framført igjen i åra som kom, og berre nokre få av songane på setlista til Sound+Vision vart aldri spelt igjen. Dei mest markante songane han ikkje spelte igjen på konsertane sine var «Young Americans» og «Rock 'n' Roll Suicide».[30] Bowie spelte berre «Space Oddity» ein enkel gong etter turneen,[31] sjølv om Bowie spelte songen tre gonger til ved andre høve.[32][33][34] På framtidige turnear byrja faktisk Bowie å spele mindre kjende songar, berre stundom markert med dei meir kjende, eldre hittane hans, og han hadde ein tendens til å fokusere på songar skrivne etter 1990.[35][36][37][38] Då Sound+Vision-tureen var over, drog Bowie attende til bandet sitt Tin Machine for det andre albumet deira.
Turnéband
Bowie valde eit mindre band for turneen og sa i intervju på de tida at «Det er ein langt mindre lyd. Det er ikkje like orkestrert som mange av dei andre turenane. Fordelen med det er at det gjev eit visst driv og stramheit, der alle er heilt avhengige av dei andre to eller tre karane, så alle gjev mykje meir.»[9] Det var noko spaning i bandet under turneen, i følgje Kızılçay, som hugsa at Bowie «ikkje var veldig nøgd,»[39] og at «[Bowie] var særs stressa, særskild i Sør-Amerika. Han kom ikkje ein gong til lydprøvane.[40] Klaverspelaren Rick Fox la ikkje sjela si i turneen. Han åt stundom middag på scenen, og ved minst eitt høve skrudde han av sitt eige klaverinstrument og spelte sine eigne songar, medan han sampla delar av songane til Bowie som han spelte på.[39]
- David Bowie – vokal, gitar, saksofon[10]
- Adrian Belew – gitar, korvokal, musikalsk leiar[41]
- Erdal Kızılçay – bassgitar, korvokal
- Rick Fox – klaverinstrument, korvokal
- Michael Hodges – trommer
Remove ads
Setliste
Denne setlsta er frå konserten i Milton Keynes Bowl i Milton Keynes i England den 5. august 1990.
- «Space Oddity»
- «Rebel Rebel»
- «Ashes to Ashes»
- «Fashion»
- «Life on Mars?»
- «Pretty Pink Rose»
- «Sound and Vision»
- «Blue Jean»
- «Let's Dance»
- «Stay»
- «Ziggy Stardust»
- «China Girl»
- «Station to Station»
- «Young Americans»
- «Suffragette City»
- «Fame»
- «"Heroes"»
Ekstranummer - «Changes»
- «The Jean Genie»
- «White Light/White Heat»
- «Modern Love»
Remove ads
Konsertar
Songar
Frå David Bowie Frå Hunky Dory
Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars Frå Aladdin Sane
Frå Ziggy Stardust: The Motion Picture
Frå Diamond Dogs Frå Young Americans
|
Frå Low Frå "Heroes" Frå Scary Monsters (and Super Creeps) Frå Let's Dance
Frå Tonight Andre songar:
|
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads