Diddley Daddy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Diddley Daddy» er ein song av Bo Diddley. Songen vart gjeven ut på singel på Checker Records i juni 1955.[1] Det var den andre singelen hans og ein oppfølgjar til «Bo Diddley». Songen låg fire veker på Billboard R&B-lista sommaren 1955,[3] og nådde ein 11. plass.[4]
Remove ads
Skriving og innspeling
Songen vart spelt inn 15. mai 1955 i Chicago. Opphavleg vart han kalla «Diddy Diddy Dum Dum,»[5] og byrja som ein song av Billy Boy Arnold, som Leonard Chess, eigaren av Chess Records (Checkers var eit dotterselskap under Chess) hadde høyrt Arnold spele og ønskte av Diddley skulle spele inn. Men Arnold hadde nettopp signert kontrakt med Vee-Jay Records, og hadde spelt inn songen dagen før i Universal Studios. Då Chess ønskte at Arnold skulle syngje songen, forstod Arnold at han ikkje kunne på grunn av kontrakten med Vee-Jay. Ei løysing vart at Diddley og Harvey Fuqua skreiv om teksten.[6]
Munnspelspelaren Little Walter var tilfeldigvis i studio og han spurte om å få låne munnspelet til Billy Boy Arnold. Walter spelar den lange soloen etter det første verset. Eit anna tilfeldig val på innspelinga var å bruke doo-wop-gruppa The Moonglows på korvokal, fordi dei var til stades i studio då.[6]
Remove ads
Mottaking
«Diddley Daddy» er ein av signaturlåtane til Diddley og syner at han utvikla seg som artist.[7] Songen er blitt skildra som «god som gull»[8] ein «smittande» «livleg rockelåt».[9]
The Rolling Stones, som tidleg i karrieren ofte spelte Diddley sine songar på konsertane sine,[10] spelte inn songen (i lag med Diddley sin «Road Runner») på den første demoinnspelinga si, spelt inn 11. mars 1963. Brian Jones lånte seinare gitarriffet til Diddley på songen «19th Nervous Breakdown» i 1965.
Remove ads
Medverkande
- Bo Diddley – vokal, sologitar
- Little Walter – munnspel[6]
- Jerome Green – maracas
- Clifton James – trommer
- The Moonglows – korvokal[6]
Andre versjonar
- Chris Isaak på Heart Shaped World (1989)[9][11]
- The Pretty Things & Yardbirds Blues Band på Chicago Blues Jam 1991 og Wine, Women & Whiskey (1994)[12]
- Rolling Stones, først demo
- The Liverbirds, ei britisk kvinneleg beat-gruppe som spelte inn songen for debutalbumet sitt i 1965. Denne versjone nnådde femteplassen på den tyske singellista.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads