Pretty Thing

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Pretty Thing» er ein song frå 1955 skriven av Willie Dixon og opphavleg framført av Bo Diddley. Songen var den tredje singelen til Diddley og kom ut på Checker Records etter «Diddley Daddy». Songen vart seinare gjeven ut i Storbritannia, der han vart en første av berre to songar som gjekk inn på UK Singles Chart. Den andre singelen var «Hey Good Lookin'».[3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Innhald

US 45 RPM/78 RPM

Side ein
  1. «Pretty Thing»
Side to
  1. «Bring It to Jerome»

UK 45 RPM

Side ein
  1. «Pretty Thing»
Side to
  1. «Road Runner»

Innspeling

«Pretty Thing» vart spelt inn av Bo Diddley den 14. juli 1955 i Chicago - same dagen som «Bring It to Jerome». Innspelinga vart produsert av Chess-brørne, Leonard og Phil, i tillegg til Bo Diddley. Musikaren på innspelinga var Bo Diddley (vokal, gitar), Jerome Green (maracas), Lester Davenport (munnspel) og Clifton James (trommer).[2]

Singellister

«Pretty Thing» var den andre singelen til Diddley som gjekk inn på den amerikanske Billboard R&B Singles-lista og nådde fjerdeplassen i 1956. Dette var den tredje høgasteplasseringa Diddley klarte.[4] «Pretty Thing» nådde òg 34. plassen på UK Singles Chart.[3]

Andre versjonar

The Pretty Things spelte inn ein versjon av songen på debutalbumet sitt i mars 1965. The Animals spelte inn ein versjon i 1963 for ein EP og gav han seinare ut som bonusspor på Animalisms. Canned Heat gav ut ein versjon av songen på Vintage i 1970. John Hammond og The Nighthawks spelte inn ein versjon av «Pretty Thing» for Vanguard Records i september 1979 og gav han ut på Hot Tracks.[5]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads