Dnister
elv i Aust-Europa From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dnister (ukrainsk Дністер, Dnister; rumensk Nistru; russisk Днестр, Dnestr) er ei elv i Ukraina og Moldova med ei lengd på 1 362 km.
Remove ads
Namn
Namnet kjem frå det sarmatianske (iranske) *Dānu nazdya ‘den nærliggjande elva’.[1] Til samanlikning tyder Dnepr «den fjerntliggjande elva». Det eldre namnet Tyras er frå det skytianske *tûra, som tyder ‘rask’.
På russisk heiter elva Днестр (Dnestr), på rumensk Nistru, på jiddisk Nester, נעסטער, på tyrkisk Turla, og under antikken vart ho kalla Tyras på latin og Danastris på gresk. Forfattarar i antikken har òg kalla ho Danaster.
Remove ads
Geografi
Ho har utspringet sitt i Ukraina, nær Drohobytsj og ikkje langt frå grensa til Polen. Frå her renn ho i retning mot Svartehavet. Eit kort stykke dannar ho grensa mellom Ukraina og Moldova, før ho renn vidare gjennom Moldova i 398 km der store delar av lengda hennar dannar grensa mot området Transnistria. Seinare dannar ho igjen grensa mellom Moldova og Ukraina før ho renn inn i Ukraina igjen og ut i Svartehavet, der estuaret hennar dannar Dnestr Liman.
I dei nedre delane av elva er vestsida av ho høg og åslendt, medan austsida er låg og flat. Elva dannar den eigentlege austlege grensa til Den asiatiske steppa. Dei viktigaste sideelvane hennar er Răut og Bîc.
Før den andre verdskrigen danna Dnestr grensa mellom Romania og Sovjetunionen. I løpet av krigen vart det utkjempa slag på venstre sida av elva med Tyskland og Romania mot Sovjetunionen.
Remove ads
Sideelvar

Av sideelvar på høgre sida finn ein Răut, Ikel, Bîc og Botna, medan sideelvar på venstre er Zolota Lypa (140 km), Koropets, Dzjuryn, Seret (250 km), Zbrutsj (245 km), Smotrytsj (169 km), Usjytsia (112 km), Kalius, Liadova, Murafa (162 km), Rusava, Jahorlyk (173 km) og Kutsjurhan (123 km).[2]
Byar
Den største byen ved Dnister er Tiraspol i Transnistria i Moldova.
- I Ukraina:
- Starij Sambir, Sambir, Novij Rosdil, Tsjydatsjiv, Tjodoriv, Halytsj, Jesupil, Horodenka, Salisjtsjykij, Tsjotyn, Novodnistrovsk, Sokyriany
- På grensa mellom Ukraina og Moldova:
- Otatsi, Mohyliv-Podilskyj, Jampil, Sorotsa
- I Moldova:
- Ved byrjinga av:
- evd Bilhorod-Dnistrovskij
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads