Do the Strand

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Do the Strand» er den første songen frå det andre albumet til Roxy Music, For Your Pleasure frå 1973. I motsetnad til songane frå debutalbumet, startar denne songen brått utan ein instrumental introduksjon.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Tekst

Songen prøver å overtale lyttarane om å gjere «the strand», som truleg er ein slags dans. Teksten er typisk for tidlege Roxy Music-tekstar med intellektuelle referansar, som Sfinksen, Mona Lisa, Lolita og Guernica.

Songen gjev ingen instruksjonar om korleis The Strand bør dansast, og truleg hadde ikkje bandet noko spesifikk dans i tankane. Han nemner likevel ei rekkje andre dansar som han kanskje kan erstatta, som tango, fandango, quadrille, samba og beguine.[2]

Remove ads

Singel

«Do the Strand» vart gjeven ut som singel i 1973 i somme land (ikkje Storbritannia). Han kom ut som singel i Storbritannia i 1978 for å marknadsføre Greatest Hits-albumet deira, men nådde då ikkje lista. Trass i dette er songen ein av dei mest populære hos Roxy Music-tilhengjarane, særleg på konsertane.

Andre versjonar

Det tyske synthpopbandet Alphaville gjorde ein versjon av «Do the Strand» på albumet CrazyShow i 2003.

Det amerikanske popbandet Scissor Sisters gjorde ein versjon av «Do the Strand» for War Child-albumet War Child Presents Heroes i 2009.

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads