Roxy Music av Roxy Music

album av Roxy Music From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Roxy Music er debutalbumet til det engelske rockebandet Roxy Music, gjeven ut 16. juni 1972.

Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...

Det vart generelt godt motteke av kritikarane då det kom ut og nådde tiandeplassen på den britiske albumlista.[1] I Noreg nådde det 23. plass.

Remove ads

Musikk og tekst

Opningssongen, «Re-Make/Re-Model», har vorte kalla ein postmodernistisk pastisj med soloar av kvart bandmedlem som gjentek forskjellige kjente musikkstykke som The Beatles sin «Day Tripper», Duane Eddy sin versjon av «Peter Gunn» og Wagner sin «Ride of the Valkyries». Det mystiske refrenget «CPL 593H» var visstnok bilnummeret til ein bil som Bryan Ferry såg, med ei vakker dame bak rattet. Brian Eno produserte noko sjølvlaga 'galskap' då Ferry bad han om ein lyd «som likna månen» på songen «Ladytron». «If There Is Something» vart spelt inn på ny av David Bowie sitt Tin Machine, og vart seinare mykje nytta i den britiske filmen Flashbacks of a Fool.

Mange av songane var tematisk knytte til filmar. «2HB» er ei hyllest til Humphrey Bogart og siterte linja «Here’s looking at you, kid», som vart gjort kjend i filmen Casablanca (1942). «Chance Meeting» var inspirert av David Lean sin Brief Encounter (1945). «The Bob» tok tittelen frå filmen Battle of Britain (1968) og inneheld parti som simulerer geværskot.

Om musikken sa Andy Mackay seinare at «me fann definitivt ikkje opp eklektisisme, men me sa og beviste at rock 'n' roll kunne tilpassast - vel, alt mogeleg eigentleg.»[2]

Remove ads

Produksjon og plateomslag

Bandet hadde øvd og omarbeidd songane i fleire månader før dei endeleg fann ein stad å spele dei inn. Heile albumet vart spelt inn i løpet av ei enkelt veke. Dette var naudsynt sidan dei ikkje hadde platekontrakt enno, og managerane deira i EG finansierte innspelingane sjølve, 5 000 britiske pund i leige.[1] Albumet vart produsert av tekstforfattaren til King Crimson, Peter Sinfield, som nyleg hadde gått frå det bandet. I mai 1972, eit par veker etter innspelinga, signerte bandet ein kontrakt med Island Records og i juni kom albumet ut.

Hangen bandet hadde til glamour kom til syne i både tekstane og plateomslaget i 50-talsstil, med bilete, hårfrisyre og skriftdetaljar på omslaget. Fotografen Karl Stoecker tok bilete på omslaget med modellen Kari-Ann Muller, som seinare gifta seg med Chris Jagger, bror til Mick Jagger. Eit stilisert portrett av Kari-Ann Muller finst òg på plateomslaget til Mott the Hoople-albumet The Hoople frå 1974. Albumet var dedisert til Susie, ein trommeslagar som prøvespelte for Roxy Music den første tida deira.[3]

Remove ads

Utgjeving

Roxy Music er komen ut i forskjellige inkarnasjonar gjennom åra. Det originale plateomslaget, slik plata kom ut i 1972 på Island Records, bestod av eit dobbeltfalsa omslag med bilete av bandet (med den originale bassisten Graham Simpson) i scenekostyme designa av Antony Price,[4] og inneheldt ikkje songen «Virginia Plain» Den originale utgjevinga i USA, seint i 1972 på Warner Bros. Records-etiketten Reprise, inneheldt «Virginia Plain», som sidan var komen ut på singel i Storbritannia. Den originale, amerikanske utgåva hadde det same dobbeltfalsa omslaget, men erstatta biletet til Simpson med eit av Rik Kenton, som spelte bass på «Virginia Plain» etter Simpson slutta i gruppa.

Den britiske distribusjonen av Roxy Music vart overført frå Reprise til Atco Records i 1976, og attende til Reprise i midten av 1980-åra. LP-utgåver av albumet trykt i denne perioden var utan det dobbeltfalsa coveret og bandfotografia, og hadde i staden albumnotata på baksida av omslaget.

Den originale plata inneheldt ingen singlar. I juli 1972, eit par veker etter kontrakten vart signert, spelte Roxy Music inn to songar til, «Virginia Plain» og «The Numberer», som vart gjevne ut på ein singel. Singelen nådde fjerdeplassen på den britiske singellista[5] og medverka til at albumet selde godt. Sjølve albumet gjekk til tiandeplassen.[1] På seinare utgåver av albumet, inkludert CD-utgåva er songen «Virginia Plain» med.

Versjonar av alle ni spora på det britiske albumet vart spelte inn av BBC for John Peel-showet 4. januar og 23. mai 1972, der den første av desse hadde med David O'List på gitar.[6]

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I ei melding for Creem i 1973 skreiv Robert Christgau: «Frå drag-dronninga på framsida til den snobbete stasen i midtfoldet til den polerte deformasjonen i musikken på plata, feirar dette den slags lekamar som kan kome til å verke like usunne som glansen på eit stykke rote kjøt. Akkurat no er det derimot dekorert med nok rare knaggar til at eg gjev side ein ein A. Side to lener seg litt for tungt på synthesizeren (spelt av ein snart skalla, langhåra evnukk-aktig kar kalla Eno) utan den frelsande nåden til trommer og basslinje.»[17]

På tida då Roxy Music gav ut det tredje albumet sitt, Stranded, sa Ferry at han ikkje likte den rare produksjonen på Roxy Music og dreiv og spelte inn mange av spora på nytt. Ferry spelte etter kvart inn «Re-Make/Re-Model», «2HB», «Chance Meeting» og «Sea Breezes» på ny og gav dei ut som B-sider til somme av solosinglane hans mellom 1973 og 1976, som han så samla på soloalbumet Let's Stick Together i 1976.

I 1994 vart Roxy Music rangert på 57. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums. Han skildra albumet som «fullstendig originalt og eit friskt, men bisart pust», og sa at det «sette Bryan Ferry og Eno fremst i kunstrock-rørsla.»[18] I 2003 rangerte Rolling Stone albumet på 62. plassen på lista si over dei beste debutalbuma gjennom tidene og sa: «I England tidleg i 1970-åra var det nerdete kunstrock og sexy glamrock, og sjeldan møttest dei to. Men det var fram til denne plata.»[19] Uncut plasserte albumet på niandeplassen i 2015 på si liste over dei beste debutplatene.[20] I 2005 plasserte magasinet Q Roxy Music på 31. plassen på ei liste over «40 Cosmic Rock Albums» publisert i spesialutgåva Pink Floyd & the Story of Prog Rock.[21] I 2012 kalla Treble albumet ei av ti «essensielle» glamrock-album.[22]

Remove ads

Innhald

Original britisk utgåve

Alle spor skrivne av Bryan Ferry

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Amerikansk utgåve

Alle spor skrivne av Bryan Ferry

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Superluksusutgåve

I mars 2018 kom ei superluksusutgåve i form av tre CD-plater og ein DVD, i eit «bok-sett». Dette inneheld opptak som ikkje var gjeven ut før, originale demoar frå 1971, det originale albumet pluss alternative opptak, BBC-opptak frå den tida og ein DVD med sjeldne videoopptak og ein 5.1-kringlyd miks av Steven Wilson, i lag med ei bok på 136 sider med eit essay av Richard Williams, inkludert mange sjeldne og upubliserte fotografi.[23]

'Plate ein: Originalalbum'

Meir informasjon Nr., Tittel ...

'Plate to: Demos & Out-takes'

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

'Plate tre: The BBC Sessions'

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

'Plate fire: DVD'

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Roxy Music
  • Bryan Ferry – vokal, piano, Hohner Pianet, Mellotron
  • Brian EnoVCS3 synthesizer, lydbandeffektar, korvokal
  • Andy Mackayobo, saksofon, korvokal
  • Phil Manzanera – elektrisk gitar
  • Paul Thompson – trommer
  • Graham Simpson – bassgitar (CD1: alt utanom spor 4, CD2: spor 1–14, CD3: spor 1–5, DVD 5.1 Mix: alt utanom spor 4)
  • Rik Kenton – bassgitar (CD1: spor 4, CD2: spor 15, CD3: spor 6–14, DVD: Alle videoar, 5.1 Mix: spor 4)
  • Roger Bunn – elektrisk gitar (Superluksusutgåve: Plate to, spor 1–4)
  • Dexter Lloyd – trommer (Superluksusutgåve: Plate to, spor 1–4)
  • David O'List – elektrisk gitar (Superluksusutgåve: Plate tre, spor 1–5)
Produksjon
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1972–2018), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads