Don't Look Back av Boston

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Don't Look Back er det andre studioalbumet til den amerikanske rock band Boston, gjeve ut i 1978 på Epic Records.[1][3] Albumet gjekk til topps på albumlista i USA og nådde niandeplassen på Storbritannia. Tittelsporet er ein av dei største hittane til bandet, og nådde fjerdeplassen i 1978 på Billboard Hot 100. Albumet selde fire millionar eksemplar dei første måandane etter det kom ut og har fått 7x platinaplate av RIAA i USA.[4]

Meir informasjon Boston-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Dette albumet markerte òg starten på ein rettsstrid mellom bandet og plateselskapet, Epic. Gitaristen, produsenten og hovudlåtskrivaren Tom Scholz hevda at sjefane i Epic pressa han og bandet til å gje ut albumet før dei meinte det var ferdig. Han sa òg at albumet var «latterleg kort. Det trengde ein song til». Det neste albumet deira, Third Stage, kom ikkje ut før etter åtte år, då bandet og selskapet hadde gått kvar sin veg etter ei rettssak som Boston til sjuande og sist vann.

Dei to åra mellom debutalbumet og Don't Look Back er den kortaste tida mellom to Boston-album til no.

Remove ads

Innspeling

Don't Look Back vart spelt inn i 1977 og 1978 i studioet til Scholz, Hideaway Studio, utanom pianoet til «A Man I'll Never Be», som vart spelt inn med lydteknikaren Dave Butler i Northern Studio i Maynard i Massachusetts.[3]

Utgjeving

Don't Look Back skulle opphavleg ha tittelen Arrival, men Boston oppdaga at ABBA alt hadde gjeve ut eit album med det namnet, så Don't Look Back vart vald ut i staden. Albumet vart feilaktig oppført som Arrival i omslaget til kassettutgåva på den tida.

Billboard skildra albumet som «ei like bra utgjeving [som debutalbumet] som vidare syner kor bra gruppa er til å spele hardrock med ein søt, melodisk base».[5] Ken Emerson i Rolling Stone sa at albumet stadfesta stilen til bandet frå debutplata, men var mindre pretensiøst enn Bruce Springsteen-albumet Darkness on the Edge of Town frå 1978.[6]

«Don't Look Back», «A Man I'll Never Be» og «Feelin' Satisfied» vart alle gjevne ut på singlar og nådde høvesvis fjerde, 31. og 46. plassen på Billboard Hot 100.[7]

Remove ads

Innhald

Alle songar skrivne av Tom Scholz, utanom «Party», skriven i lag med Brad Delp, og «Used to Bad News», skriven av Delp.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

I følgje plateomslaget[3]

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1978), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Organisasjon, Nivå ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads