Don't Start Me Talkin'

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Don't Start Me Talkin'» (òg kalla «Don't Start Me to Talkin'») er ein bluessong skriven og framført av Sonny Boy Williamson II. Det var den første singelen Williamson spelte inn for Checker Records,[3] og han nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard R&B-lista i 1955.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Innspeling

Etter at Trumpet Records la inn årene, hadde Sonny Boy Williamson II den første innspelinga si for Checker Records den 12. august 1955. «Don't Start Me Talkin'» vart spelt inn denne dagen.[3] Williamson sjølv song og spelte munnspel, og han hadde elles med seg Otis Spannpiano, Muddy Waters og Jimmy Rogersgitar, Willie Dixonbass og Fred Belowtrommer.[2][3]

Utgjeving

«Don't Start Me Talkin'» vart gjeven ut på singel i september 1955, ein månad etter han vart innspelt.[1] Songen nådde tredjeplassen på Billboard R&B Singles-lista.[4]

Andre utgjevingar

Begge sidene av singelen kom ut på debutalbumet til Williamson i 1959, Down and Out Blues, som vart innlemma i Blues Hall of Fame in 2007.[5]

Andre utgåver

James Cotton, som lærte å spele munnspel av Williamson, spelte inn «Don't Start Me Talkin'», for albumet The James Cotton Blues Band i 1967.[6] New York Dolls spelte inn songen for det andre albumet deira, Too Much Too Soon.[7] Bob Dylan spelte songen på The David Letterman Show i 1984. Andre musikarar som har spelt songen er mellom andre John Hammond jr., The Doobie Brothers, Dion, The Yardbirds, Climax Blues Band, Champion Jack Dupree, Rory Gallagher, Willie «Big Eyes» Smith, Fenton Robinson, Good Rockin' Charles[8] og Gary Moore.[9]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads