Double Trouble av Elvis Presley

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Double Trouble er det 29. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i mono og stereo som LPM/LSP 3787 i juni 1967. Innspelinga fann stad i Radio Recorders og i MGM Studios i Hollywood i California, den 28. til 30. juni 1966.[2] Albumet nådde 47. plassen på Billboard 200.[3]

Meir informasjon Elvis Presley-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innhald

Presley hadde vanlegvis insistert på å arbeide i komfortable, vanlege lydstudio, og hadde unngått dei store, lydtette filmstudioa. Sjefane i MGM som ønskte å halde budsjettet lågt, insisterte på å flytte filmmusikkinnspelinga nettopp til eit slikt studio.[4] Ein frustrert Presley gjekk med på dette, men dropen rann over då han måtte syngje «Old MacDonald», og han storma ut av studio i sinne etter å ha gjort ferdig ein særs kort master-innspeling av «Long Legged Girl (with the Short Dress On).»[4] Denne songen vart gjeven ut på singel seint i april, før filmen hadde premiere. Singelen nådde berre 63. plassen på Billboard Hot 100.

Etter det entusiastiske gospelalbumet How Great Thou Art som vart spelt inn månaden før i Nashville, gjekk Presley her attende til å kverne ut plater og filmar som raskt gjekk i gløymeboka.[5] Sjølv utgjevingsdatoen for Double Trouble var uheldig - same dagen som The Beatles gav ut landemerket Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, og same dagen som David Bowie gav ut debutalbumet sitt.

Det vart spelt inn ni songar for filmen og dei vart berre i alt 17 minuttar og 11 sekund, altfor kort for eit vanleg album. For å auke speletida vart det lagt til tre sognar frå innspeligna til eit «tapt album» i mai 1963, slik at lengda på albumet kom like over tjue minuttar.[6] To songar vart alt gjevne ut som b-sider til singlar, «Never Ending», som var B-sida til eit fire år gammalt albumspor, «Such a Night» og «Blue River» som var B-sida til det åtte år gamle sporet «Tell Me Why."[7] «It Won't Be Long» vart spelt inn for filmen, men ikkje nytta.

I 2004 vart Double Trouble gjeven ut på ny på Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak.[8]

Remove ads

Medverkande

Remove ads

Innhald

Originalutgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Follow That Dream-utgåva

Spor 1-12 er originalalbumet

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Lister

Album

Meir informasjon År, Lister ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads