Drikken mors

From Wikipedia, the free encyclopedia

Drikken mors
Remove ads

Mors (russisk skrift морс) er ein russisk fruktbasert leskedrikk[1][2][3] laga av bær, særleg av tytebær og tranebær, men tidvis også blåbær, jordbær, bringebær og tindved). Ein lager drikken ved å koka bæra saman med sukker, eller ved å blanda safta deira med sukkervatn.[1] Ein del moderne kommersielle typar bruker fermentert og filtrert saft blanda med sukkersirup og vatn. I staden for saft kan ein bruka fruktekstrakt saman med aromatiske essensar, organiske matsyrer, sukker, fargestoff og vatn.

Thumb
Eit glas mors

Mors er ikkje alkoholhaldig, men blir brukt ein del i cocktailar, ofte saman med vodka.

Remove ads

Historie

Mors er først nemnd i verket Domostroj frå 1500-talet, som inneheld instruksjonar for korleis ein lagar drikken. Sannsynlegvis er han langt eldre enn dette verket.[4][5]

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads