Hidsjab
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hidsjab eller hijab (utt. hidsjab), av arab. hajaba, 'dekke', er eit muslimsk omgrep som kan visa til tekkelege klede og oppførsel, men viser i vestleg samanheng særleg til eit tettsitjande tørkle som blir brukt av kvinner til å dekka håret, halsen og skuldrene med.[1] Rett tildekking er føreskrive i Koranen, og er viktig for mange muslimar, særleg i samband med bøn. Det er derimot ikkje semje innan den muslimske verda nøyaktig kva som er område som bør skjulast (awra) og kva tid ein bør gjera det. Bruk av hidsjab kan vera omstridd, og det finst døme på lovar og tvang både for å få folk til å bruka ei viss form for hidsjab og å få dei frå det.
Remove ads
Religiøs bakgrunn
Koranen bruker ordet «hidsjab» om menneske berre i samanheng med eit forheng som skal skilja Profeten Muhammed sine koner frå framande. Men han oppmodar fleire stader alle muslimar til å senka blikket og å kle og te seg sømmeleg.[2] I ulike overleveringar (hadith) av kva Profeten og dei rundt han sa og gjorde går det fram at profetkonene, som levde etter særskilde reglar, blei skjulte frå menn dei ikkje var i slekt med gjennom forheng eller slør etter ekteskapet hans med Aisja. Det blir og nemnd at andre kvinner rundt Profeten brukte slør. Andre overleveringar forbyr menn luksustøy, som silke eller brokade, prangande slep, og klede farga gule eller raude; safranfarging er nemnd særskild.[3]
Seinare muslimsk drakt har vore prega av dei ulike kulturane religionen kom til, og av tolkingane til skriftlærde. Retningsliner som at kleda ikkje skal vera ettersitjande eller gjennomsiktige og dermed visa kroppen, ikkje utforma for å tiltrekka det andre kjønnet og ikkje likna kleda til det andre kjønnet er døme på nokre vanlege generelle reglar.[4]
Klede skal òg skjule dei delane av kroppen som er private (awra) i samband med bøn og framfor folk som ikkje er i slekt, men her er det usemje blant dei lærde. Det går klart fram i Koranen at menn må dekka kroppen sin frå navlen til knea i samband med bøn. Overleveringar fortel at dei også blir oppmoda til å dekka skuldrene. Kleda kan rekka ned til oklene, men ikkje lengre.[5] Kva del kvinner bør dekka er meir omdiskutert. Innan sunniskulane (hanafi, shafi'i, maliki og hanbali) er ein stort sett einige om at heile kvinnekroppen bortsett frå fjes og hender bør tildekkast. Hanbali-skulen og nokre delar av den fundamentalistiske salafi-rørsla meiner òg at fjeset skal dekkast til.[6] Nokre meiner ein også bør dekka til ansiktet og i nokre høve også eine auget. Eit mindretal av skriftlærde meiner ein ikkje treng dekka hovudet, til dømes fordi hovudplagga fanst før islam og dermed ikkje kan kallast muslimske, eller fordi ein i nokre samfunn vil få meir merksemd med slikt dekke enn utan, noko som tek bort vitsen.[7]
Remove ads
Hidsjab i moderne tid

Bruk av ulike former for hidsjab har vore eit stridstema sidan 1900-talet, og er blitt påbode eller forbode i ei rekkje land. For mange muslimar er hidsjab blitt eit symbol på muslimsk fromheit, moral og identitet, og i fleire høve også på ei støtte for islamisme. For sekulære og ikkje-muslimar kan derimot synleg hidsjab-bruk vera eit trugsmål mot eit sekulært samfunn, eller tildekking av kvinner eit symbol på kvinneundertrykking.
Bytte av hidsjab mot vestlege klede har vore eit teikn på modernisering og sekularisering i land som Tyrkia og Tunisia. Nokre land med islam nedfelt i lovverket, som Iran og Saudi-Arabia, har derimot innført påbod om å bera ei viss form for hidsjab. Også i land med muslimske minoritetar har det vore ulike syn på kva former for og kvar ein skal tillate hidsjab.
Remove ads
Bildedøme
Ulik tildekking av kroppen blant muslimar
- Malayar under eit bryllaup i Singapore. Kleda deira dekker kroppen og størsteparten av lemmane, men berre den eldre generasjonen dekker hovuda.
- Muslimsk giftarmål i typiske vestlege bryllaupsklede, bortsett frå at brura har dekt til hovud og hals.
- Indiske muslimar i ein bryllaupsseremoni. Mennene ber bønehue og klede som dekker kropp, armar og føter, medan kvinna ber sari.
- To kvinner i England. Den eine dekker alt unntatt auga, den andre har hovudet udekka.
- Pakistanske gutar i tradisjonell salvar kamiz framfor folk med ei rekke ulike drakttypar.
- Iranske jenter i tradisjonell drakt frå Fars.
- Egyptiske musikarar i lange kjortlar og turbanar.
- Afghansk kvinne med burka som skjuler heile kroppen og har eit gitter framfor auga.
- Tradisjonelle palestinske drakter.
- Iransk kvinne med klede som dekker huda på heile kroppen bortsett frå hendene.
- Indiske muslimar frå All India Muslim League Working Committee i 1940. Ei kvinne har på seg heildekkande burka. Mennene har på seg tradisjonelle muslimske drakter og luer eller vestlege dressar.
- Persiske kvinner frå byrjinga av 1900-talet.
Ulike hovudplagg brukt av muslimske kvinner
- Sør-iranske kvinner med ei form for burka og heile hovudet tildekt bortsett frå auga.
- Marokkansk kvinne med hovud- og ansiktstørkle (niqab).
- Engelsk kvinne med tettsitjande tørkle som skjuler hår og hals. Det er ofte noko slikt ein tenker på når ein snakkar om «hidsjab».
- Egyptiske kvinner med ulikt dekkande skaut.
- Kashmirske jenter med skaut samla i halsen med sikkerheitsnål eller ei hand.
- Kinesisk kvinne med formsydd tørkle.
- Tilsydd hovudplagg på ei utstillingsdokke i Indonesia.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads